Sport | 30. nov. 2009

Sesongens første tap

Os var gode nok til å ta poeng på bortebane sundag, men 34 bom og feil blei for mykje.

Sesongens første tap
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 30. nov. 2009 10:50

Handballherrane til Os gjekk sundag på sesongens første tap. Dei møtte Gneist for første gong, på bortebane, eit lag med fleire eldre spelarar. Gneist er også førebels det einaste laget som har tatt poeng frå serieleiar Nornen 2.

- Vi var gode nok til å ta poeng, men var for upresis og gjorde for mange feil. Det var ein skuffa gjeng som reiste tomhendt heim til Os i går, seier trenar Andris Hamre.

Kampen enda 25-23 (13-12).

- I sluttsekundet hadde vi ballen på 24-23, men lukkast ikkje med planen vår om skåring og poengdeling. Keeper redda og heimelaget kontra og auka til 25-23.

Vellukka omskulering
Gneist starta med å ta leiinga, og klarte å dra Os ned i sitt tempo. Men då Os la om frå 5 - 1 til 6-0 forsvar seks minutt før betra det seg, og dei tok innpå.

I 2. omgang kom Os også opp i leiinga, men svar ventreside i angrep og for mange miss gjorde at det blei vanskeleg å vinna den jamne kampen.

- Men det var nokre lyspunkt, veteranen Torbjørn Hjelle gjorde nok ein god kamp, og Jørgen Wold blei toppskårar med 9 mål.

- At Jørgen har stått i mål fram til i fjor er heilt utruleg, han har stor fart, hardt skot og har utvikla seg til å bli ein smart utespelar, seier Hamre.

No reknar han med at spelarane er klare for siger når dei til helga tar turen til Florø. Neste heimekamp er laurdag 12. desember (kl 17.15) mot Gloppen. Vinn dei desse to er det duka for toppkamp mot Nornen 2 i Oshallen siste sundagen før jul.

Kampfakta:
Gneist - Os: 25-23 (13-12)

Os: Einar Godø, Charles Whiteley, Erik Vågen, Knut-Bjarne Ulvatne (1), Fredrik Andresen, Øystein Skarding, Joakim Blostrupmoen (2), Jørgen Wold (9), Øystein Vindenes (1), Kristian Bruarøy (4), Torbjørn Hjelle (5), Stian Hjertholm (1)

Lagleiarar: Leif Idar Røen, Andris Hamre
Utvisingar: Gneist: 1x2min., Os: 4x2min.
Tilskodarar: 27 (23 av dei frå Os)

SJÅ TABELL (Os på 2. plass)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.