Lokal | 08. des. 2014

Sesongopning i alpinanlegga

Det har kome bra med snø i helga og er venta mykje meir. Myrkdalen er open, laurdag opnar kanskje også Voss og Eikedalen.

Sesongopning i alpinanlegga
Det har kome mykje snø i fjellet og er venta endå meir denne veka. (Arkivbilde frå Eikedalen, foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 08. des. 2014 09:50

«Vi har 15-25 cm snø!» skriv Eikedalen Skisenter på sine heimesider.

Det har snødd godt i helga og er venta mykje nedbør i form av snø dei neste dagane, ikkje minst onsdag og torsdag.

Både Eikedalen og Voss Resort håper på å opna dei første heisane laurdag 13. desember.

Sjå vêrvarsel for Eikedalen på Storm vs Yr.

Myrkdalen hadde sesongstart i helga som var, laurdag kjørte dei barnetrekket og landsbytrekket, søndag blei Myrkdalsekspressen sett i drift og i dag er også Kari Traa-trekket ope.

– Det har kome mykje snø! Natt til måndag kom det 25 cm, melder Myrkdalen på sine heimesider.

Frå best til verst

Eikedalen Skisenter hade sin beste sesong nokosinne i 2013. I 2014 snudde det fullstendig.

– Vi hadde berre 10 skikkeleg fine dagar og berre rundt 50 dagar med drift, mot over 100 som er normalt, fortel Fredrik Tønjum.

Det er likevel insvestert mykje pengar denne sommaren for å gjera 2015-vinteren best mogleg.

Lettare å opna stolheisen

– Enkelte trur at dersom stolheisen står på dagar med bra med snø nede i anlegget, så er det for at vi skal spara straum. Det er heilt feil, det koster veldig lite å ha den i drift.

– Men terrenget opp til stolheisen har vore så krevjande og bratt at vi ikkje har kome opp med preppemaskinene med mindre det har vore over éin meter snø på toppen.

No er det brukt 3,5 tonn dynamitt for å betra terrenget. Ein ny veg er bygd nesten heilt opp til toppen av stolheisen.

Tønjum reknar med at ein halvmeter med snø kan vera nok til at stolheisen kan preppast og opnast.

– Vi har også utbetra fleire nedfarter og blant anna kjørt 100 lastebillass med jord inn i løypene. No er det lettare å ta seg ned for nybyrjarar og løypa frå Fjellheisen til Bergensløypen, som var ny i fjor, er forlenga.

Siste nytt på Voss og i Myrkdalen

Også i Myrkdalen og på Voss er det gjort utbetringar før årets vinter.

– Vi har sett opp 10 nye rails, bygd ein 400 kvadratmeter stor terrasse med grillhytte ved Storastovo på Slettafjellet, kjøpt ny trakkemaskin og utvida snøproduksjonen så vi no kan produsera i heile Familieløypen, fortel Anna Bryn frå Voss Resort.

– I Myrkdalen har vi fått fleire nye løyper, til saman 1400 meter, rundt Storhaugekspressen, 6-seteren som var ny førre sesong.

– Vi har også bygd ny barnebakke og ny skicrossløype, og kjører i år skibuss frå Voss kvar dag gjennom sesongen, fortel John Ivar Norheim.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.