Lokal | 19. apr. 2020

Sesongopning utsett nesten ein månad

Men friluftsområde og turstiar er opne på Lysøen.

Sesongopning utsett nesten ein månad
Museet er stengt, men har du eigen båt er du velkomen til å besøka øya. Hugs røykeforbod og forbod mot open eld på heile øya! (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 19. apr. 2020 08:39
  • Midtsiden har starta utsending av gratis nyheitsbrev på epost - meld deg på her

Ole Bull Museum Lysøen har normalt sesongstart 18. mai med populære og ope fram til 31. august.

Men frå fredag 13. mars blei alle KODE sine museum stengde, inkludert Lysøen, og no er det klart at det tidlegast blir opning måndag 15. juni.

«Regjeringen har besluttet at forbudet mot kultur- og idretts- og andre arrangementer som ikke ivaretar grunnleggende krav til smittevern vil gjelde frem til 15. juni».

– Desse krava er vanskelege å ivareta på våre arenaer. Vi ser det derfor som best å halda alle museum stengde fram til 15. juni, seier direktør Petter Snare i KODE i ei pressemelding.

Konsertar og arrangement fram mot denne datoen blir avlyst.

Ope for turfolk - men ikkje for røykarar!

Lysøen plar opna sesongen med den populære turmarsjen «Lysøen Rundt». I fjor hadde denne 733 deltakarar.

Museet minner om at friluftsområdet på Lysøen er ope og tilgjengeleg for alle, og at folk som kjem i eigen båt er velkomne til å besøka øya og å bruka turstiane.

Det er 13 kilometer med tursti på øya, og fleire fine viker.

Samtidig oppmodar museet gjestar å rydda etter seg og å respektera at det er forbod mot all bruk av eld på øya - og det gjeld all eld, frå grill til sigarettar!

Mens du ventar på opning av museet kan du sjå presentasjonsvideoen KODE publiserte i august 2018. Videoen er i skrivande stund sett 846 gongar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.