Kultur | 10. aug. 2012

- Sett på nettet

Video: Breakdancegruppa Absence starta kurs i fredag. - Nokre av gutane hadde tjuvtrent etter å ha studert oss på nettet, fortel Piero Issa.

Andris Hamrefredag 10. aug. 2012 13:38

Fredag førmiddag starta breakdancekursa som Absence held i Oseana i helga. Vel 50 unge frå først til tiande klasse har meldt seg på for å lære av noregs framste dansarar.

- Dei er utruleg flinke og motiverte.

- Nokre av gutane fortalde at dei hadde sett oss på nettet og øvd før dei kom i dag, fortel Piero Issa, ein av instruktørane.

Grunnleggande ferdigheiter

Å ha gått dansekurs tidlegare, eller vera dansar er ingen krav for å vera med på kurset.

- Vi prøver å læra dei det grunnleggande.

- Når dei kan det er det berre kreativiteten som set grenser, smiler Issa som saman med Andreas Roksvåg, Halvard Haldorsen og Christopher Bottolfsen har teke turen til Os denne helga.

Håpar på breakeffekt

Dei fire gutane, som om kort tid legg ut på ein åtte månaders lang turné over heile Noreg håpar kurset vil gje fleire breakarar på Os.

- Om vi klarar å gje dei grunnferdigheitane, kan dei ta dei med seg tilbake på skulen når den byrjar og vise kompisane korleis ein gjer det.

- Det er ingenting som hadde vore så kjekt som om vi hadde fått eit miljø også på Os, seier Andreas Roksvåg.

Tørra å prøva

Absence har si faste danseskule i Vikinghallen i Bergen kor dei held kurs, jams og konkurransar heile året.

- Om det er nokon som har lyst til å læra meir etter å ha vore med her er dei hjarteleg velkomne til Bergen.

- Men eigentleg handlar det like mykje om å tørra å prøva. I breaking er det ingenting som er feil eller rett. Om du har foten i den eine eller andre retninga spelar ingen rolle. Det viktigaste er at du har det kult og trivst med det du gjer, forsikrar Piero Issa.

Berre å hiva seg med

Sjølv om kurset starta fredag tek dei imot fleire deltakarar om det er nokon som har lyst.

- Vi er såpass mange instruktørar, så om det kjem nokon i morgon som ikkje var med i dag, så går det heilt greitt, forsikrar Issa.

- Då må dei berre melda seg i resepsjonen på Oseana, supplerar kulturhusvert Janne Mari Hjelle før ho legg til at dei som sleng seg med også må betala deltakaravgifta.

Har du lyst å vera med, men ikkje meldt deg på kan du møta opp klokka 11 om du går i 1.-4. klasse. Er du eldre startar kurset klokka 1230 laurdag.

VIDEO, 1:12: Sjå Piero Issa demonstrera beatboxing for 1.-4. klassingane (Foto: Andris Hamre)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.