Sport | 26. okt. 2015

Sette to banerekordar

Lunde Pedersen gjekk tre distansar i Stavanger og vann alle. No håper han å få Sindre Henriksen, som er halvt osing, med seg til Calgary på fredag.

Sette to banerekordar
(Arkivfoto: Sander Hvammen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 26. okt. 2015 11:22

Sverre trengte ikkje å prestera under uttaksstemnet i Stavanger i helga, då han er ein av dei fire (Njåtun, Hvammen og Lorentzen) som grunna gode resultat i verdscupen i fjor allereie er tatt ut.

Likevel klinte han til med siger på alle tre distansane han deltok i, og sette ny banerekord på to av dei.

– I tillegg blei det 2. plass på fellesstart. Det blei eit litt rotete løp med få deltakarar og fall. Eg var nesten borti Bøkko då han låg på isen, fortel Sverre til Midtsiden.

• Først vann han 1500 meter på tida 1.46,32, og slo dermed sin eigen banerekord etter bunnsolide rundetider på 23,9-26,6-27,3-28,5.

• Så vann han 5000 meter og sette med 6.20,27 ny banerekord også der.

• Søndag gjekk han ein nesten like god 1000 meter som då han nyleg persa i Inzell (1.09,71), med 1.10,07.

– Eg ligg framfor på alle distansar i forhold til i fjor, det er kjekt å sjå, seier Sverre, som fredag reiser til over Atlanteren for å førebu seg på verdscup i Calgary og Salt Lake City.

Nye, gode løp av Henriksen

Sverre sin jamngamle treningskamerat, Sindre Henriksen, er halvt osing. Han gjekk godt i Inzell og viste i helga at det ikkje er eit blaff.

Mens Bøkko tok 2. plass både på 1500 meter (1.47,49), 5000 meter (6.29,50) og 1000 meter (1.10,81) kom Sindre på 3. plass på både 1500 meter (1.48,44) og 1000 meter (1.10,96).

– Sindre har persa mykje i det siste, eg er glad han fekk vist at han kan halda fram med å levera som i Inzell, seier Sverre.

– Eg håper dette kan vera godt nok til uttak, det hadde vore veldig kjekt om Sindre får verdscupdebuten sin under opninga i Calgary.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.