Lokal | 01. des. 2014

Sette fyr på bosspann

Ransaking, besøksforbod, sovande festdeltakar og eldspåsetjar er blant det politiet har hatt å henga fingrane i denne helga.

Sette fyr på bosspann
Søndag i 14-tida braut det ut brann på Os terminal. (Arkivfoto/ill. foto: KVB) 
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 01. des. 2014 09:02

I helga var politiet på ransaking hos ein mann som er mistenkt for narkotikamisbruk.

Politiet fann ikkje stoff, men noko brukarutstyr.

I løpet av helga har dei også delt ut besøksforbod til ein mann i 30-åra.

– Han og ekskjærasten har hatt ein langvarig konflikt etter brotet, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Fyll og flammar i sentrum

I 4-tida natt til søndag fekk politiet liv i ein full mann i 20-åra, som var i ferd med å kubba i eit busskur nær Os sentrum.

I 14-tida søndag fekk dei melding om brann på venterommet på Os terminal.

– Drosjesjåførar sløkte brannen, som ser ut til å vera påtent.

Politiet har oppretta sak på eldspåsetjinga og ber publikum om tips.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.