Sette fyr på gapahuk
– Dette er svært uaktsamt med tanke på alle brannane den siste tida. Er det nokon som har informasjon ber vi dei melda seg, seier politiet.
Sundag kveld eller natt til måndag sette nokon fyr på Skorvane FUS barnehage sin gapahuk, som ligg nokre meter inn på myra frå Nore Neset Aktivitetshus mot foten av Liafjellet.
Politiet var først på staden og varsla brannvesenet litt over klokka 11 måndag formiddag.
– Vi rykte ut for å ta hand om ettersløkking.
– Det er berre flaks at brannen ikkje spredde seg. Dette kunne gått skikkeleg gale, seier Gitle Smaadal frå Os Brannvesen.
At det regna litt i Os på søndag var nok til hjelp.
– Særs uaktsamt
Smaadal og politioverbetjent Audun Hadler-Olsen er rysta over at nokon truleg har sett fyr på gapahuken.
– Det er utruleg at nokon set fyr på noko midt i skogen etter alle dei brannane som har herja på Vestlandet dei siste vekene.
– Vi ser på dette som ei særs uaktsamhandling og har oppretta sak.
– Etterforskinga held fram, så om det er nokon som har informasjon eller tips å koma med er vi svært takksame om dei kontaktar oss, seier Hadler-Olsen.
Det blei funne eit sprengt brannsløkkingsapparat i den nedbrente gapahuken.