Sport | 16. aug. 2015

Sette ny banerekord i Vikingskipet

Sverre Lunde Pedersen er i knallform!

Sette ny banerekord i Vikingskipet
Sverre Lunde Pedersen. (Pressebilde/akrivfoto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 16. aug. 2015 18:54

Stinn av trening på siste dag av ein treningsleir på to veker, er Sverre Lunde Pedersen berre fem sekund frå verdsrekorden (som han tidlegare i år berre var 9 hundredelar frå å tangera).

Laurdag sette han ny banerekord på 3000 meter i Vikingskipet.

– Eg er ikkje tilhengar av å legga opp til bestemte rundetider, det eg synest fungerer best er å ha fokus på det tekniske og å finna ein god rytme, seier Sverre til Midtsiden.

– Men du forstår tidleg om det kjem til å bli eit bra løp, og det merka eg i går. Eg følte at eg fekk god fart billig, og då var det berre til å kjøra på.

Den nye rekorden er på 3.42,63, og slo Håvard Bøkko sin rekord med rundt to sekund.

Nær verdsrekord

– Eg gjekk på 3.44,11 på trening i vinter, men den tida blei tydelegvis ikkje godkjent, seier Sverre.

I fjor på denne tida gjekk han same distanse på same bane på tida 3.45,00. Sesongen som følgte blei som kjent svært god, blant anna med verdscupsiger og bronse i VM.

Sverre sin personlege rekord på 3000 meter er 3.37,37 (som han gjekk ei veke før VM i Calgary i år), mens verdsrekorden er på 3.37,28 (Eskil Ervik i Calgary i 2005).

Betre 500 meter

Sverre gjekk også 500 meter i helga. Der blei tida tre tidelar betre enn i fjor.

– Den er også viktig. 500-meteren eg gjekk i VM var den beste eg nokosinne har gjort, og viktig faktor for at det blei bronse allround. I EM var ein svak 500 meter med på å øydelegga samanlagtresultatet.

Denne veka er Sverre heime i Os, så ventar ei veke med barmarkstrening i Oslo.

– Så blir det ei veke heime før vi skal ei veke på is i Stavanger.

Etter dette er det Inzell i oktober og verdscuputtakt i slutten av oktober. Verdscupopninga er i Calgary i november.

Midtsiden samleside: Skøyter

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.