Sport | 01. sep. 2018

Sette punktum frå spiss vinkel

Os knuste Loddefjord og har råd til å tapa 2 av dei 7 siste utan at opprykket står i fare.

Sette punktum frå spiss vinkel
Erik Kanestrøm sette inn 6-0 på dette skotet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 01. sep. 2018 16:59

Bildeserie:

1-0 ved Mikkelsen i 11. minutt. (Foto: KVB)
1-0 ved Mikkelsen i 11. minutt. (Foto: KVB)
Jubel på bane og tribune. (Foto: KVB)
Jubel på bane og tribune. (Foto: KVB)
640 på tribunen. (Foto: KVB)
640 på tribunen. (Foto: KVB)
2-0 ved Takle Eide i 22. minutt. (Foto: KVB)
2-0 ved Takle Eide i 22. minutt. (Foto: KVB)
3-0. Mikkelsen. (Foto: KVB)
3-0. Mikkelsen. (Foto: KVB)
Innlegg av Takle Eide. (Foto: KVB)
Innlegg av Takle Eide. (Foto: KVB)
4-0 ved Hjertnes. (Foto: KVB)
4-0 ved Hjertnes. (Foto: KVB)
Kanskje ikkje årets mål, men verdt å jubla for. (Foto: KVB)
Kanskje ikkje årets mål, men verdt å jubla for. (Foto: KVB)
Pauseinnslag av Søre Neset ungdomslag. (Foto: KVB)
Pauseinnslag av Søre Neset ungdomslag. (Foto: KVB)
Kul danseoppvising! (Foto: KVB)
Kul danseoppvising! (Foto: KVB)
5-0. Storebø i 66. minutt. (Foto: KVB)
5-0. Storebø i 66. minutt. (Foto: KVB)
6-0. Kanestrøm. (Foto: KVB)
6-0. Kanestrøm. (Foto: KVB)
1 av 12
1-0 ved Mikkelsen i 11. minutt. (Foto: KVB)
Jubel på bane og tribune. (Foto: KVB)
640 på tribunen. (Foto: KVB)
2-0 ved Takle Eide i 22. minutt. (Foto: KVB)
3-0. Mikkelsen. (Foto: KVB)
Innlegg av Takle Eide. (Foto: KVB)
4-0 ved Hjertnes. (Foto: KVB)
Kanskje ikkje årets mål, men verdt å jubla for. (Foto: KVB)
Pauseinnslag av Søre Neset ungdomslag. (Foto: KVB)
Kul danseoppvising! (Foto: KVB)
5-0. Storebø i 66. minutt. (Foto: KVB)
6-0. Kanestrøm. (Foto: KVB)

Loddefjord på 6. plass spelte 3-3 mot tabelltoar Lyngbø i førre kamp, noko som gav Os ei luke på 7 poeng før 15. runde i dag blei spelt.

Mot Os hadde Loddefjord lite å stilla opp med før pause. Men dei gav aldri opp.

– Dette var ein ok kamp av oss. Første omgang var solid, andre omgang ikkje heilt som den skulle bli, seier Os-trear Tom Henrik Sperrevik.

– Vi blei einige om å halda trøkket oppe, i staden mista vi tempoet og sløste med sjansane. Loddefjord er samtidig eit godt lag, med gode kvalitetar og bra fart, synest Sperrevik.

Os - Loddefjord 6-0 (4-0)
Målskårarar: Marius Mikkelsen (1-0 og 3-0), Øystein Takle Eide (2-0), Torkel Hjertnes (4-0), Frode Storebøs (5-0) og Erik Kanestrøm (6-0).
Os: Chris Sunde Midtun - Torkel Hjertnes, Endre Brenne, Vegard Strønen Skeie, Harry Moore - Rafael Villén, Alexander Dale - Frode Storebø, Øystein Takle Eide, Mats Cato Moldskred og Marius Mikkelsen.
Innbytarar med speletid: Martin Eidsvik, Anders Havsgård, Erik Kanestrøm, Sander Kvittingen og Fabian Bødtker.
Dagens Os-spelar: Marius Mikkelsen.

Mikkelsen heada inn 1-0 på corner i 11. minutt, etter at eit skot var slått til corner rett før. Brenne var skadd før kamp og måtte erstattast av Eidsvik i 15. minutt.

Takle Eide blei tredd gjennom av Mats Cato Moldskred i 22. minutt, og auka til 2-0. Då det same skjedde i 39. minutt, blei det eit innlegg av Takle Eide. På bakerste stolpe kom Hjertnes og sklitakla ballen i mål. I mellomtida hadde Moldskred nok ein assist, eit frispark som Mikkelsen heada i mål.

640 tilskodarar såg Os leia 4-0 til pause - etter ein vellykka Barnas Dag - sjå video

Loddefjord var nær skåring rett etter pause, i 47. minutt. I 51. minutt hadde Takle Eide eit fint innlegg som gjekk forbi alle i boks.

Os brukte 21 minutt av andre omgang før det blei nok ei nettkjenning. Også denne kom etter frispark av Moldskred, og litt klabb og babb i boks før Storebø, som stor rett utanfor 16-meteren, klinte til.

Sander og Fabian kom innpå i 78. minutt, med lette og raske bein. Unge Bødtker fekk fleire skåringar, også av avgjerande variant, mens han var på utlån til Øystese i 3. divisjon ein månad, men er no tilbake.

Nettkjenning blei det likevel ikkje på andre innbytarar enn ein annan som har såpelt for Øystese tidlegare i år, Erik Kanestrøm. Først skaut han i stolpe med nest beste foten (høgre), så, på overtid, frå svært spiss vinkel, sette han punktum med 6-0.

Tabell, 4. divisjon avdeling1

Os speler neste kamp borte mot Sund (8. plass).

Neste heimekamp er mot NHH (10. plass) laurdag 15. september.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.