Siger med berre 6 spelarar
Volleyballdamene til Søre Neset fekk større utfordringar utanfor, enn på banen då dei vann 3-0 over Kvernbit 2 torsdag.
Det blei hektiske timer før kamp for trenar Morten Asphaug då volleyballdamene til Søre Neset skulle spela bortekamp mot Kvernbit 2 torsdag.
– Vi hadde tatt ut laget, men så kom det eine forfallet etter det andre grunna skade og spelarar som måtte på reise.
– Det blei eit hektisk døgn før kamp og lenge såg det ut som om vi måtte spela med berre 5 spelarar, men i nokre få timar før kamp kom engelen Stine Lihaug heim for å bli med, fortel Asphaug.
Ein volleyballkamp kan spelast med fire spelarer, så kamp hadde det blitt uansett.
Greit mot unge jenter
Søre Neset og Kvernbit har eit særs godt forhold til kvarandre og har mellomanna vore på treningsleirer saman.
– Dei er gode vener og rivaler, smiler Asphaug.
– Kvernbit 2 består i hovedsak av juniorar og unge spelarar, men dei får litt hjelp frå eit par av dei røynde på førstelaget.
– Dette var ein kamp vi forventa siger i, og det fekk vi.
Leia 14-1
Første settet vinn Søre Neset greitt 25-12.
– Vi heva oss frå førre kamp og gjorde veldig få personlege feil.
– Spesielt på servane var vi sterke.
– I det andre settet hevar vi oss ytterlegare og leiar 14-1 etter enorm serving frå kaptein Karina Nilsen og redningskvinna Stine Lihaug.
– I tillegg gjer heile laget ein kjempejobb defensivt på dei ballane som kjem i retur, fortel trenaren.
Andre settet vinn Søre Neset òg komfortabelt 25-12.
Blei slitne
Det tredje settet gjekk tråare for Søre Neset-damene, men ògså det vinn dei 25-14.
– Vi merka at enkelte av spelarane blei slitne etter ein lang dag, og heile kampen på banen.
– Forsvaret vårt sviktar i i småperioder slik at det var jamnt til omlag midten av settet før vi festar grepet og dreg det i land, seier Asphaug som skryt av motspelarane.
– Dette Kvernbit-laget er ungt og viser ein kjempeinnsats med mykje godt forsvarsarbeid. Eg er sikker på at dei med trenar Vibeke Molvik Eriksen i spissen kjem til å bli eit kjempelag om nokre år.