Sport | 13. sep. 2010

Siger og uavgjort

Lysekloster 1 vann 4 - 1, Lysekloster 2 spelte uavgjort 1 - 1 i lokaloppgjeret mot Nore Neset. Søfteland vann òg.

Andris Hamremandag 13. sep. 2010 12:23

Lysekloster har slitt litt dei siste kampane i 6. divisjon med 2 - 2 mot Mann og 0 - 0 mot Hausvik, sundag var dei tilbake på vinnarsporet då dei slo Eidsvåg 2 4 - 1.

- Det var ein viktig kamp mot laget som låg på andre plass før denne serierunden, seier trenar Ørjan Sandal.

- Det var så vidt vi tok dei forrige gong vi møttes, derfor var det deilig å ha såpass god kontroll denne gongen, seier trenaren.

- Guttane gjorde tidvis mykje bra, men vi slepp oss litt nedpå i perioder og blir for unøyaktige framover.

Lyseklostertrenaren er svært nøgd med å ta to poeng igjen etter to kampar med berre eit poeng i kvar kamp.

- Det er likevel sterkt av oss å spela uavgjort i desse kampane når ein ser på dei svake prestasjonanen vi hadde i desse kampane, fortel Ørjan Sandal.

Lysekloster sine mål kom med Ole Jørgensen (som trenaren trekk fram i sundagens kamp), Morten Sætre, Morten Buvik og Arvid Søvik.

SJÅ TABELL

Forsvara seg til uavgjort
Lysekloster 2 møtte Nore Neset til naboduell med heile 7 guttespelarar i troppen laurdag ettermiddag.

I eit ufyseleg regnvér spela dei to laga uavgjort 1 - 1.

- Lysekloster gjer ein taktisk god kamp der dei ligg bak med 9 mann, seier Nore Neset-trenar Kenneth Svenningsen.

- Eg er skuffa over at vi ikkje klarar å score mål i andre omgangen når vi spelar etablert angrep i praktisk talt heile omgangen, men av og til er det slike dager.

- Sjøl straffa vi fikk klarte vi ikkje å få i mål på laurdag, avsluttar Nore Neset trenaren.

Målscorarar i kampen var Alexander Thuen (Nore Neset) og Frank Sælensminde (Lysekloster)

Sikra tabelltoppen
Søfteland spelte borte mot Ragnarok sundag kveld. Med uavgjort mellom Nore Neset og Lysekloster laurdag gav dei søftelendingane moglegheita til å rykke yttarlegere i frå på tabellen.

Søfteland takka for moglegheita med å slå Ragnarok 2 -1 på Nymarksbanen.

SJÅ TABELL FRÅ 7. DIV

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.