Sport | 21. juni 2011

Siger til ungdommen

Ungdomsskyttarane frå Os tok lagsigeren. Lisa Mine blei Hordameister med ny 350-serie.

Siger til ungdommen
Andris Hamretirsdag 21. juni 2011 06:46

Skyttarane frå Os skyttarlag deltok i helga på Hordastevne i Fana. Der gjorde dei sakene sine bra.

Etter dei innleiande rundene låg William Wiers på skive 2 med 250 poeng i klassa for eldre rekrutt. Lisa Mine Gunhan gjorde det same i juniorklassa, medan Tonje Gorm-Hansen Tøsdal låg på skive 3 i rekruttklassa.

350 poeng i finalen

Finaledagens største bragd sto Lisa Mine Gunhan til med då ho skaut fullt hus og på ny 350 poeng etter at finalerunden var unnagjort. Ho kunne med det kalla seg Hordameister.

William Wiers og Tonje Gorm-Hansen Tøsdal debuterte båe i større meisterskap. Etter strålande skyting enda dei på henhaldsvis femte og tiande plass når finalen var unnagjort.

Siger i lagskytinga

Juniorane frå Os vil ikkje berre vere gode åleine.

I lagskytinga skaut William Wiers 99, Joakim N. Midthun 99 og Lisa Mine Gunhan 100 poeng. Dermed fekk Osingane 298 poeng totalt og siger i rekruttklassene.

Også dei eldste var berre millimetre frå å ta sigeren i land i lagskytinga. Berre ein hårfin 9,9 på det eine skotet tok frå dei sigerne.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.