Sigeren glapp på overtid
Lysekloster reiste seg to gongar, men Viking 2 utlikna i siste liten.
Bildeserie:
Heimelaget herja i opninga av toppkampen då 2. plassen tok imot 3. plassen til 15. serierunde i dag.
Men etter 3 sjansar på 3 minutt var det gjestane som skåra, og det på eit høgt og langt skot der ballen hang lenge i lufta, men likevel sneik seg inn over og bak ein hoppande Thomas Hille i Lysekloster-målet.
0-1 blei til 1-1 i same speleminutt, Even Vetås heada inn utlikninga. Men Lasse Egeland hadde meir på lur, og sørgja for 1-2-leiing til pause.
I andre omgang skåra Truls Hovland to mål for Lysekloster (55. og 78.), men i 90. minutt klarte Ivar Øidvin å utlikna.
Lysekloster - Viking 2 3-3 (1-2)
Kampfakta på fotball.no
Serieleiar Sotra lager luke på 5 poeng bak til Lysekloster om dei slår Førde i dag.
Fyllingsdalen tangerer Lysekloster om dei slår Tertnes.
Midtsiden kjem tilbake med meir om kampen.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.