Signerer for Bodø/Glimt

Fylkeskommunane rota det til for Henrik Mjelva i Strømsgodset. No er keepertalentet frå Søfteland på plass i ny klubb.

Bodø/Glimt: Henrik Mjelva saman med keepertrenar Jonas Kolstad. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 12. sep. 2015 09:38

I februar kunne vi fortelja at tidlegare Os- og Lysekloster-keeper Henrik Mjelva, som fylte 17 år i august, var på veg til Strømsgodset. Men å skifta vidaregåande skule var ikkje så enkelt som du kanskje skulle tru.

– Sidan eg ikkje står registrert i Buskerud så har eg heller ikkje rett på skuleplass i fylket. Skulle det ordna seg måtte visst Hordaland fylkeskommune ut med fleire hundre tusen, og det ville dei ikkje så lenge eg ikkje er på landslaget, fortel Henrik.

Dermed gjekk turen tilbake til Haugesund, det han det siste året har halde seg. Der blei det litt trening med Vard Haugesund, og ein kamp i 3. divisjon, før Mjelva tok resten av vårsesongen med Djerv 1919 i 4. divisjon.

God respons i nord

Planen for hausten var å flytta heim til Søfteland og byrja i Fana, der pappa Bjørn trener damelaget. Men då han fekk kontakt med FK Bodø/Glimt skjedde ting fort.

– To dagar etter at eg snakka med dei var eg på prøvespel. Etter éi trening med rekruttlaget fekk eg resten av tida med A-laget.

Så var det heim og pakka sekken for å byrja på studiespesialiserande (gymnas) ved Bodø vgs.

– Dei har eit veldig bra opplegg for idrettsutøvarar, med eigen ball-klasse der elevane trener med laga sine i staden for å ha gym.

Nummer tre i rekkja

Unge Mjelva seier han reknar seg som tredjekeeper. Mens Pavel Londak står i Tippeligaen er keepertrenar Jonas Kolstad reserve.

– Kolstad speler ikkje, men blir nok den som steppar inn om Londak blir skadd. Eg kjem til å spela for andrelaget i 3. divisjon.

– Eg trivst veldig godt med å trena på Aspmyra og eg får veldig fine tilbakemeldingar. Det verkar som om dei vil satsa på meg framover.

I neste veke signerer han amatørkontrakt med klubben. Førebels bur han hos faren til ein kamerat frå Haugesund, men det ligg an til at Henrik skal få bu i eit leilegheitskompleks som klubben eig, 100 meter frå stadion og like kort avstand frå skulen.

Bodø/Glimt 2 ligg på 3. plass på tabellen, 14 poeng bak serieleiar Mo IL.

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Knappe 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.