Lokal | 10. mai 2016

Signerte ikkje intensjonsavtalen

Forhandlingsutvala frå Os, Fusa og Tysnes er samde om ein intensjonsavtale for Bjørnafjorden kommune, men ordførarane signerte den ikkje.

Signerte ikkje intensjonsavtalen
Ordførarane, her representert ved Terje Søviknes (Os) og Kåre Martin Kleppe (Tysnes), valde av omsyn til prosessen å ikkje signera intensjonsavtalen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 10. mai 2016 10:06

Måndag kveld blei representantane frå dei tre Bjørnafjorden-kommunane samde om ein intensjonsavtale som skal leggast til grunn om dei i juni vedtar å slå seg saman.

Men i motsetnad til kva som har vore tilfelle i fleire andre kommunar i landet som har kome til tilsvarande avtaler signerte ikkje ordførar Terje Søviknes (Frp, Os), Atle Kvåle (Ap, Fusa) og Kåre Martin Kleppe (H, Tysnes) avtalen på vegne av sine kommunar.

– Vi gjorde ikkje det. Bakgrunnen er eit ønskje om at dei øvste folkevalde organa våre, kommunestyra, som skal gjera vedtaka som danner grunnlaget for den medverknadsprosessen som kjem etter 18. mai, forklarer Terje Søviknes.

– Men kommunestyra kan vel ikkje endra på den intensjonsavtalen de har blitt samde om i forhandlingsutvalet?

– Nei, å endra på avtalen med det stramme tidsløpet som er lagt fram mot endeleg vedtak i juni ville blitt håplaust. Sånn sett, så blir det at kommunestyra seier ja eller nei til den og å legga intensjonsavtalen til grunn for folkemøta og dei øvrige medverknadsprosessane.

– Det har blitt litt rare prosessar andre stadar, til dømes i Nordhordaland, kor ordførarane har signert intensjonsavtalen, men så gått ut og sagt at dei ikkje vil tilrå den. Difor har vi valt å gjera det på ein annan måte. For prosessen sin del, så meiner vi at dette er den rette måten å gjera det på, forklarar Søviknes.

Les òg:
Slik blir Bjørnafjorden kommune
Bjørnafjorden kommunestyre – framleis blått fleirtal?
«Saman for vekst og utvikling»

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.