Næringsliv | 02. juni 2016

Signerte kontrakt på 15 (!) båtar

– Dette er sjeldan vare, ikkje minst med tanke på korleis marknaden er, seier salssjef Sverre Mowinckel-Nilsen i Palfinger Marine.

Signerte kontrakt på 15 (!) båtar
Skipa som Palfinger Marine skal levera vinsjpakkar til skal frakta modular til oljefelt i Kazakhstan. (Ill: Vard Design)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 02. juni 2016 13:54

PALFINGER MARINE Winches and Offshore Equipment har fått kontrakt på komplett vinsjpakke til heile 15 skip bygd for Topaz Energy and Marine.

I kontrakten er òg opsjon på yttarlegare 10 båtar til.

Skipa, 123 meter lange Vard 9 21, er spesielt utvikla til å navigera på grunt farvatn for transport på elv til oljefelt i Kazakhstan.

– Vi har jobba med dette tilbodet i fleire månadar. Vi har aldri signert kontrakt på så mange som 15 båtar før og i omsetnad er dette blant dei største ordrane vi nokosinne har fått, seier Mowinckel-Nilsen.

Det var i januar 2015 at Palfinger kjøpte Os-selskapet NDM. I denne veka har dei òg kjøpt Harding. (Les meir om dette på Sysla.no).

Kan få vekst i vanskeleg år

Ordren til dei 15 båtane skal leverast frå januar til november 2017. Det tilsvarar nesten to vinsjpakkar i månaden.

Fem av båtane skal byggast på Vard Braila og fire på Vard Tulcea i Romania. Resten blir bygd på Vard Vung Tau i Vietnam.

– Ordreinngangen vår er større enn på same tid i 2015. Vi har, i motsetnad til mange andre, ikkje måtta seia opp folk. Vi reknar framleis på ein del spennande prosjekt og både 2016 og 2017 kan bli svært hektisk.

– Når så mange firma rundtom i verda manglar oppdrag er det hard konkurranse og tilsvarande mengde hard jobb for å få gode avtalar i hamn.




Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.