Lokal | 31. mars 2021

Sikra båt i stri elv

Nedbørsmengdene som kom i går pregar Oselvo i dag.

Sikra båt i stri elv
Brannvesenet fekk melding om båt som sleit i stri elv onsdag morgon. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 31. mars 2021 07:45

Det var gult farevarsel til tysdag, og dagen fekk eit jamt sig med mykje nedbør.

I Lysefjorden rann bekken forbi kloster-ruinane høgt, i Åsen rann vatnet over vegen.

Høg bekk langs Lyseklostervegen i går kveld. (Foto: KVB)
Høg bekk langs Lyseklostervegen i går kveld. (Foto: KVB)

– Vi hadde inga utrykking i samband med nedbørsmengdene i går, men dagens melding har nok med høg vassføring å gjera, seier Gitle Smaadal frå Bjørnafjorden brann og redning.

Brannvesenet fekk melding om ein båt som låg lågt ved eitt av nausta ovanfor pirane i Oselvo.

Med fjære sjø blei vegen for ei høg elv noko brattare ned til fjorden, og den strie elva har truleg kome inn opninga til sjølvlensen.

– Vi vågar ikkje lausna båten så stri som elva er no, men sikrar den med tau. Det beste ville vore å fått vinsja den inn i naustet. Vi er òg i dialog med eigar.

To venar av båteigar kom til staden då brannvesenet skulle til å gå. Dei tar hand om båten vidare.

Oselvo er uvanleg stri i dag etter store nedbørsmengder i går. (Foto: KVB)
Oselvo er uvanleg stri i dag etter store nedbørsmengder i går. (Foto: KVB)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.