Sport | 20. sep. 2009

Sikra eitt poeng

Andreas Pettersen utlikna og sørgja for poengdeling i bortekampen mot Skjergard fredag.

Sikra eitt poeng
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 20. sep. 2009 21:15

I heimekampen mot Nordre Fjell fredag for ei god veke sidan forsvann nok håpet om opprykk for Søre Neset. Kampen enda 0-2, men i bortekampen mot Skjergard fredag som var plukka sørenesingane med seg eitt poeng.

- Skjergard ligg på 3. plass på tabellen, vi er nøgd med poengdeling i denne kampen her, seier trenar Bjarte Arentzen.

Det var den andre delen av trenarteamet, Frank Haugland, som skåra Søre Neset sitt første mål. Han utlikna til 1-1 før pause.

Heimelaget tok igjen leiinga i andre omgang, men Andreas Pettersen fekk utlikna og 2-2 sto seg til kampen var over.

Søre Neset ligg på 6. plass på tabellen etter 18 rundar, med 30 poeng er dei 8 poeng bak Erdal på 2. plass.

Søre Neset spelar neste kamp på heimebane mot Nest Sotra 2 sundag 27. september kl 14.00.

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.