Egil Thuen på løp blant 180 tilskodarar til opprykkskampen. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)

Opprykkskamp blei målkalas!

Sendte Søre Neset til 6. divisjon: Innbytar Egil Thuen skåra hattrick og feira med publikum.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Søre Neset hadde eit godt utgangspunkt før dagens andre og avgjerande kvalifiseringskamp mot Fedje. Borte blei det 2-4-siger, heime blei det både målrikt og spennande.

– Sjølv om vi leia til pause så var eg skuffa etter første omgang, og gutane fekk seg ei skyllebøtte i pausen, innrømmer spelande trenar Frank Haugland.

– Heldigvis fekk dei ballen til å trilla langs bakken, spelet sat og vi vann fortent.

Søre Neset - Fedje 7-3 (3-2)
Målskårarar, Søre Neset: Egil Thuen 3, Remy Snilstveit, Jan Even Frøyset, Hans Marius «Hansi» Glenne og Tommy Ludvigsen Matre.
Søre Neset: Remi Lindborg, Audun Røren, Tommy Ludvigsen Matre, Håkon Straume, Christian André Jelvez Stenersen, Emilis Zilinskas, Adrian Frotveit Arnesen, Kristian Elholm, Mounir Aouachria, Remy Snilstveit, Jan Even Frøyset, Frode Buvik, Aleksander Lindkvist, Frank Haugland, Lars Rune Moberg, Ørjan Bjørgo Hellesnes, Hans Marius Glenne, Egil Thuen.

1- 0 kom ved Snilstveit, men gjestane utlikna og gjekk opp i 1-2.

– Vi var ikkje skikkeleg på, meiner Haugland, som sjølv måtte av banen med det han for første gong på 15 sesongar låg an til å sleppa i år, å få strekk.

Inn kom Egil Thuen, som ikkje berre kan skyta hardt med begge bein, han kastar også langt.

2-2 kom på ein innøvd innkastmanøver, der Thuen kasta, Zilinskas stussa og Frøyset skåra.

Thuen gav Søre Neset leiinga 3-2 før pause, men Fedje trudde, som Nils Arne Eggen ein gong gjorde, at det var «hope in a hanging snore» då dei utlikna til 3-3.

Mens 3-3 blei gjestane si siste skåring, var Søre Neset førebels ikkje halvferdig.

Thuen tok ein corner, og skrudde den sjølv direkte i mål. Så kom Hansi og limte ballen i kryssen frå 30 meter før Egil, omtrent frå dødlinja, sette inn 6-3.

Tommy Ludvigsen Matre runda keeper og sette siste spikeren i kista, Søre Neset vann 7-3.

Historisk historie

I fleire sesongar kjempa Søre Neset i toppen på 5. divisjon, i 2012 blei dei, i derby der Os 2 rykte opp til 4. divisjon, sendt ned til 6. divisjon.

I 2014 var Søre Neset på veg opp i 5. divisjon igjen, men tapte kvalifiseringskamp mot Valestrand Hjellvik.

Sidan har dei spelt i 6. divisjon til laget blei slått saman med Nore Neset, som igjen gjekk inn i samarbeid med Lysekloster.

Trass god tradisjon i 5. og 6. divisjon var det ikkje gitt at Søre Neset, som starta opp seniorlag igjen til årets sesong, skulle rykka opp på første forsøk.

• Les òg: Full klaff på opningsfest av ny bane

– Mange andre har prøvd, men har brukt minst tre sesongar. At vi klarte det allereie i år føler vi, i alle fall i lokal samanheng, gjer dette til ein historisk dag for klubben, seier Frank Haugland.

– Det var ekstra kjekt at heile 180 kom og såg på oss i dag, og at vi fekk gje publikum både litt spenning og god underhaldning.

Fleire saker