Kultur | 07. apr. 2011

Sikra storsponsor

- Vi hadde ambisjon om tre sponsorar i denne storleiken, no er to på plass, seier Terje Søviknes.

Sikra storsponsor
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 07. apr. 2011 05:50

Parallelt med innspurten i byggearbeidet blir det jobba med fullfinansiering av Oseana. I førre veke sørgja eit effektivt sponsormøte med eit raust firma for at det kjem inn endå fleire millionar private kroner til kunst- og kultursenteret som skal opna 17. juni i år.

– Selskapet signerte avtale som hovudsponsor, eller partnar, som vi kallar det, og går med det inn med 3 millionar kroner, seier ordførar Terje Søviknes, som også er leiar for byggekomiteen.

– Frå før har vi Alutec, så no har vi to av dei tre vi hadde håpa på å få på plass.

Litt lokal

På spørsmål om kven den nye sponsoren er seier Søviknes at han førebels ikkje vil ut med det. Sponsoren skal først førebuast på medieomtale.

– Er dette eit firma frå Os?

– Begge delar, røper ordføraren, og humrar når vi foreslår kven det kan vera.

Jaktar på yttarlegare 17,5 millionar

Den største sponoren, Per Grieg sr og Grieg Foundation, har gått inn med endå større summar. Til saman har det no kome inn 74,6 millionar private kroner til Oseana, i tillegg kjem 15 millionar kroner frå Grieg sitt drifts- og rentefond.

Sjølv om Søviknes i utgangspunktet hadde håpa på tre hovudsponsorar, og no har to på plass, er det meir enn 3 millionar kroner igjen før sponsorjakta er over.

– I forhold til totalt byggebudsjett på 210,7 millionar kroner manglar vi framleis 17,5 millionar kroner.

– Men vi har søkt staten om 15 av dei og har 5-6 fleire verksemder å jobba med å få inn som sponsor.

Rente på midlertidig lån av desse 15 millionane blir dekka av rentefondet til Grieg.

- Med andre ord så lysnar det no.

Rundar av i mai

Oseana skal vera ferdig og klar til overlevering fredag 29. april, om 22 dagar.

– Når Oseana er overlevert er det meininga at vi skal avslutta sponsorjakta med ei samling med sponsorane i Oseana.

– Datoen som er sett til dette møtet er fredag 6. mai, fortel Terje Søviknes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.