midtsiden

Sikra tabelltopp

Tertnes spelte uavgjort med Hovding måndag kveld, og må uansett utfall av toppkampen til helga nøya seg med plass bak Os på tabellen før ferien.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Laurdag spelar Os bortekamp mot Tertnes, laget som lenge toppa tabellen, men som spelte uavgjort mot Voss 10. juni, og dermed gav tabelltoppen til Os.

Os slo Voss 2-0 i helga som var, medan Tertnes spelte 10. runde først måndag kveld, borte mot Hovding. Kampen enda 1-1, så Os ligg no 4 poeng framfor Tertnes og heile 10 poeng framfor Voss på 3. plass.

Os har, saman med Djerv (!) skåra nest flest mål med sine 27 skåringar 27-9 i målforskjell mot Djerv sine 27-27). Ternes leiar med 34 skåringar (34-10 i målforskjell).

Slik ser tabellen for 3. divisjon avdeling 15 ut no (plass og poeng):
1. Os: 27      
2. Tertnes: 24    
3. Voss: 17    
4. Bjarg: 17    
5. Lyngbø: 15    
6. Norheimsund: 15
7. Hovding: 13
8. Odda: 12
9. Djerv: 11
10. Løv-Ham 2: 10
11. Nordhordland: 8
12. Trio: 4
(For detaljar sjå full tabell)

I naboavdelinga (avd. 14) er det jamnare i toppen:
1. Austevoll: 23
2. Brann 2: 22
3. Vadmyra: 20
4. Askøy: 18
5. Arna-Bjørnar: 17
6. Baune: 17
Sjå heile tabellen

Fleire saker