Lokal | 03. mai 2011

Sikrar med «tunnel»

Medan Os Sjøfront bygger vil tilkomsten til Oseana og Mobergsvikjo bli sikra med gangtunnelar.

Sikrar med «tunnel»
Andris Hamretirsdag 03. mai 2011 11:00

Under politisk kvarter i formannskapet tysdag spurte Eirik Neverdal (TvS) om ei oppdatering på framdrifta for Oseana.

- Byggjekomiteen har gitt entreprenørane ei vekes utsetting i høve til ferdigstillelse slik at dei har frist på seg til fredag 6. mai, fortalte ordførar Terje Søviknes (Frp) som òg er leier i byggekomiteen.

- Utvask reknar eg med startar måndag 9. mai, samstundes som vi gjennomfører ferdigbefaringar med dei forskjellige entreprenørane.

Søviknes rekna med at nokre justeringar vil det nok bli på det tekniske anlegget også etter dette. Men ein absolutt frist for å ta huset i bruk er 23. mai då gjengen bak HavFest skal starte øvingane sine i Oseana.

Med utsyn mot fjorden

Ei anna utfordring byggekomiteen har hatt er å sikra adkomsten til Oseana samstundes som Os Sjøfront framleis bygger.

- Dette er no avklart med Os Sjøfront, og vi kjem til å asfaltera adkomstvegen før 17. mai.

- Det vil òg bli sett opp gangtunnelar, som dykk kanskje kjenner frå fortau i byen kor det foregår byggearbeider, i dei sonane som krana til Os Sjøfront svingar over, forklarte Søviknes.

Han blei raskt supplert av Norvald Skåtøy (Ap), som òg sit i byggekomiteen, med at tunnelane vil ha opning ut mot fjorden slik at besøkande kan nyta utsynet mot fjorden på veg til Oseana.

Adgang til vikjo

Det vil bli to vegar frå kaien inn til bygget. Den eine nede på bakkeplan bort til moloen og ein opp køyrebrua til hovudinngangen.

- Når vi sikrar vegen blir det òg mogleg å spasera forbi Oseana bort til Mobergsvikjo, fortalte Søviknes.

Parkering ei utfordring

Oseana og Os Sjøfront er einige om eit areal som vil bli tilgjengeleg for parkering på Os Sjøfront sitt område frå juni. Kommunen sin avtale om leige av parkeringsareal på motsatt side av Mobergsvikjo opphøyrer eigentleg til sumaren.

- Magefølelsen min seier at vi kanskje skulle fått forlenga avtalen om leige av det aktuelle arealet på bakkane ved Mobergsvikjo så lenge prosjektet pågår, sa Skåtøy.

Han fekk støtte frå dei øvrige i formannskapet om at det kunne vera ein god idé å sjå på den moglegheiten.

Går mot overskriding

Når det gjalt den økonomiske biten av prosjektet signaliserte Søviknes at det nok gikk mot ei overskriding utover dei 210,7 millionane som ligg i byggebudsjettet. Men han ønska ikkje å kome med konkrete tal no då byggekomiteen skulle sjå på tala seinare i månaden.

- Når vi har den endelege oversikten vil vi koma tilbake med ein sak om dette, forsikra Søviknes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.