Lokal | 29. mai 2018

Sikta for drapforsøk; fengsla i fire veker

Påtalemynde fekk medhald i lagmannsretten. Mann sikta for drapsforsøk fengsla i fire veker.

Sikta for drapforsøk; fengsla i fire veker
Mannen blei varetektsfengsla i fire veker med brev- og besøksforbod i lagmannsretten (ill.foto: KVB)
Andris Hamretirsdag 29. mai 2018 10:45

Ein mann i slutten av 20-åra blei pågripen tysdag i førre veke, sikta for grov vald mot ei kvinne og drapsforsøk på ein mann i ein bustad i Os måndag kveld.

Han skal ha knust eit vindauge for å ta seg inn i bustaden, der han gjekk til angrep på både mannen og kvinna. I huset var det òg eit mindreårig barn.

Politiet framstilte mannen for varetektsfengsling i Bergen Tingrett torsdag i førre veke, men fekk ikkje medhald.

– Eg er overraska og litt skuffa. Det er sjeldan at eg ikkje får medhald, men eg har respekt for at tingretten kan ha gjort andre vurderingar enn meg, sa politiadvokat Trond Eide til Midtsiden dagen etter.

Han anka avgjerda og den sikta blei sittande i varetekt fram til Gulating Lagmannsrett fekk handsama fengslingsspørsmålet.

Fekk medhald

Tysdag fekk politiet kjennelsen frå langmannsretten. Denne gir politiet medhald. Mannen blir fengsla i fire veker med brev- og besøksforbod.

– Etter lagmannsrettens syn foreligger er det en nærliggende fare for at siktede vil forspille bevis i saken dersom han løslates. Lagmannsretten gir politiet medhold i påstanden om fengsling i fire uker med brev- og besøksforbud, skriv Gry Benedicte Halseth, kommunikasjonsrådgjevar i Vest politidistrikt i ei pressemelding.

Retten har gjeve forbod mot offentleggjering av heile avgjerelsen jf. domstolloven §130 første ledd.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.