Amalie Evensen gler seg til Landsskytterstemnet i Stjørdal i byrjinga av august (foto: Andris Hamre)

Sikter mot kongelaget

Amalie Evensen er siste års junior, men allereie kvalifisert for klasse 5 (eliteklassa) som senior. Målet er kongelaget på Landsskytterstemnet innan fem år.

Av: Andris Hamre

Ho har allereie god erfaring frå det å ligga i finalelaga på Landsskytterstemnet, Amalie Evensen. I 2015 låg ho, som best kvalifisert, på skive 1 og var to sentrumsblinkar unna topp-plasseringa. I 2016 måtte ho ut i omskyting om tredjeplassen, før ho i Førde i fjor også skaut seg til finale både på bane og i feltskytinga.

Førre veke følgde ho tidlegare skyttarprins, Arild Røyseth, heilt til døra då dei gjorde opp om lagsmeisterskapen på feltskyting i Os skyttarlag.

– Det har gått veldig bra i år. Overraskande bra faktisk, smiler Evensen når Midtsiden møter ho på skytebanen på Ulven.

Skyt som senior

Amalie Evensen (18) er den eldste av dei aktive juniorane og skyt no seniorprogram (ligg, kne, stå) i konkurransar.

– Eg skyt same program som seniorane, men som junior så skyt eg på 100 meter, sjølv om eg også har byrja å trene på 200 meter, som er den avstanden eg skal skyta til neste år.

Ho har lagt jamnt over 340 poeng på baneskytinga i år, og har allereie skote så gode seriar at ho går rett inn i klasse 5, som er eliteklassa, når ho til neste år blir senior.

Går for finale

Skyttertalentet frå Os gler seg til å reise til Stjørdal og landsskytterstemnet i byrjinga av august.

– Kva er målet der?

– Eg går for finale, så får vi sjå korleis det går derfra, om eg skal satsa høgt eller safe.

– Satse eller safe. Kva meiner du?

– Om eg litt til dømes topp tre, så må eg berre satsa alt eg har og håpe det går vegen, ligg eg på tiende eller tolvte plass, så skal det mykje til for å nå opp, så då kan eg safe meir og berre ha det gøy, forklarar Evensen.

– Kva så når du blir senior og skal skyte mot dei beste?

– Det er ein overgang å skyte seniorprogram og på 200 meter, så eg må nok ta meg litt tid, men eg har sagt at målet er å ligga i kongelaget (finalen på landsskytterstemnet, journ.mrk) i løpet av fem år.

– Og då kan vi få ei skytterdronning frå Os?

– He, he, det hadde vore noko det, smiler ho breitt og bryt ut i latter.

Debuterte i NM

I tillegg til å skyte med vanleg ammunisjon, har ungjenta byrja også med luftskyting.

– Eg kjem rett frå Bergen no, kor eg har vore på trening. Eg starta vel med luftskyting i september/oktober i fjor og var med på NM berrre for gøy.

– Det er veldig forskjellig å skyte luft og å skyte vanleg. På luftskytinga står du på alle skota og det varierer om det er tredve eller seksti skot vi skyt, men det er veldig gøy og god trening, avsluttar Amalie Evensen.

Fleire saker