Lokal | 12. juli 2010

- Siktinga er utvida

Etter åtte veker i varetekt blei osingen fredag sleppt fri, men siktinga er utvida.

- Siktinga er utvida
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 12. juli 2010 13:58

Onsdag 12. mai blei ein mann i slutten av 30-åra pågripen i heimen sin i Os saman med ei kvinne. Politiet fann ei større mengde amfetamin i husværet.

Kvinna blei raskt sleppt fri, men mannen blei varetektsfengsla, først for fire veker, så for fire nye veker, framleis med brev- og besøksforbod.

- Fredag 9. juli var varetektsperioden over. Vi har ikkje ønskje eller grunnlag for å halda han lenger, så han blei sleppt fri, fortel politiadvokat Liv Karlsen til Midtsiden.no.

Siktinga utvida
Osingen er sikta for narkosak i kategori 2. ledd, som for amfetamin betyr eit beslag på mellom 50 gram og 3 kg.

- Vi har ikkje gjort fleire beslag i løpet av etterforskinga, men vi har avdekka forhold som gjer at vi mistenker mengda for å vera større noko som gjer at siktinga er utvida.

- Men det er framleis snakk om 2. ledd, presiserer ho.

Fleire pågripne
Karlsen seier dei er nøgd med etterforskinga så langt, men litt står igjen og det blir ikkje tatt ut påtale før ferien er over.

- Fleire personar har vore i avhøyr som del av etterforskinga. Nokre har også blitt pågripne og ransaka, men ingen er fengsla.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.