Simen Næss briljerte i periodar, hadde målgjevande på 1-0 og skåra sjølv 2-0-målet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Simen Næss og Kittiphong fekk visa seg

Lysekloster testa fem prøvespelarar i treningskamp mot Sandviken i dag.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Laurdag spelte Lysekloster sin første treningskamp denne vinteren. Kampen blei spelt på Nore Neset mot Sandviken, som landa på 3. plass i Os si avdeling i 4. divisjon i fjor.

Lysekloster mangla spelarar som Eirik Rode, Szymon Walczak og Mirza Mujcic, men fekk testa både nysignerte Nikolai Harris (Åsane) og fem spelarar som prøver seg for klubben; Simen August Næss (Bryne), Kittiphong Pluemjai (Angthong, Nest-Sotra), Erlend Skagestad (Flekkerøy), Mads Gerhard Rakner (Varegg) og keeper Magnus Eide.

Lysekloster - Sandviken 2-0 (0-0)

Første omgang var jamn og sjansefattig. Thorvald Trætteberg blei skadd i foten av ein etterslengar og måtte av banen før pause.

Sandviken starta andre omgang best, med skot, press og corner, men så byrja Lysekloster å få fart i sakene.

1-0 kom på corner etter skot av Kittiphong. Næss sette corneren, Martin Pedersen heada den inn.

2-0 kom kort tid etterpå, eit velplassert skot av Næss frå rundt 20 meter.

– Det var deilig å spela kamp igjen, 11 mot 11 i 90 minutt. Det var mykje spennande og mykje å retta på, men det er òg tidleg i oppkøyringa og mange nye relasjonar i troppen vi hadde med oss i dag, seier Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik etter kamp.

Dette er Lysekloster sine neste treningskampar:
Laurdag 9. februar: Vidar - Lysekloster
Laurdag 16. februar: Lysekloster - Brann 2
Laurdag 16. mars: Lysekloster - Fyllingsdalen
Laurdag 30. mars: Åsane (uvisst om heime/borte)

Fleire saker