Kultur | 17. mars 2009

Simen sjarmerte alle!

Det var smikkfullt i Fjellheim då Simen Moesgård og resten av ungdomsskulelevane hadde premiere på High School Musical i går. No blir det ekstraframsyning.

Simen sjarmerte alle!
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 17. mars 2009 09:28

- Han er eit funn, seier musikklærar og del av orkesteret, Terje Neset, om Simen Moesgård.

Alle dei tre ungdomsskulane i Os er representerte med artistar, dei fleste er 10. klassingar.

- For gutane har vi gjort unntak, sidan dei er færre. Vi har lagt merke til 8. klassingen Simen frå tidlegare, så det var veldig kjekt at han ville vera med. Dei som fekk med seg premieren i går la spesielt merke til den talentfulle songaren frå Nore Neset.

På Fritio-programmet står High School Musical måndag, i dag (tysdag) og torsdag 19. mars. No blir det ekstraframsyning torsdag kveld. - Det var fullt i går, og eg trur det er få billettar igjen til i kveld. Torsdag har vi ei framsyning klokka seks, men no har elevane sagt at dei har veldig lyst til å ta ei framsyning til klokka åtte om kvelden.

- Vi har øvd sidan haustferien. Det høyres kanskje lenge ut, men skulle gjerne hatt endå lenger tid på oss. Val av låtar var bevisst, mange på denne alderen kan HSM-låtane frå før. Det viste seg i går, musikalen blei minst like god som vi hadde håpa på, seier Terje Neset. Val av High School Musical har truleg heller ikkje hatt negativ effekt på billettsalet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.