Sissel Iren Sperrevik og Jahn Ingolf Lyssand. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Sissel fekk klokke hos Meny

Meny Industrivegen fyller 10 år. Sissel Iren Sperrevik har jobba 25 år i same butikk.

image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Fredag for ei god veke sidan blei Sissel Iren Sperrevik tildelt klokke etter 25 samanhengande år i same butikk.

– Eg fekk deltidsjobb på kveldstid hos Jarle Drageset sommaren 1992. Frå hausten blei det fast jobb i full stilling, sidan har eg vore her, seier Sissel, som i vinter sjølv fekk velja klokke.

– Det er like greit at ho får velja ei klokke ho liker. Eg håper ho blir brukt også til andre antrekk enn bunad, seier butikksjef Jahn Ingolf Lyssand.

I morgon feirer butikken 10-årsdagen sidan namneskifte frå Drageset til Meny etter sal frå Drageset-familien til Norgesgruppen i 2007.

Klokka blei tildelt på middag på Solstrand der hovudpersonen, butikksjefen, nestkommanderande Randi Kolskogen (som fekk klokke for 6 år sidan) og regionssjef Christian T. Myredal deltok.

Då folk var tom for pengar 

Interessa for mat sendte Sissel til ferskvaredisken. Der har ho blitt verande i 25 år, supplert med ulike kurs og deltaking i Meny-lauget.

Mykje har endra seg sidan start, både når det kjem til utval, handlemønster og kundane sin økonomi.

– Eg hugsar framleis tida då det å eta ferdiglaga mat blei sett på som litt luksus, og tida då vi alltid måtte ha billig middagspølse då fellesferien var over, for då gjekk det i billigare mat, seier Sissel.

– Folk brukte ein større del av løna si på mat før, og då måtte dei snu meir på kronene, legg Jahn Ingolf til.

I starten gjekk det i kotelettar og pølser, i varmeskapet var det òg eit smalare utval.

– Lammeskank, som mange vil ha i dag, var ikkje å oppdriva før. Ikkje hadde vi salatar eller tilbehør, varer som gjer at du kan få ein ferdig middag, heller.

Positiv utvikling og gode kollegaer

Sissel ser på utviklinga som positiv, både når det kjem til utval, prisar og ulike skjerpa krav og rutiner.

– Vi har alltid hatt fokus på god mathygiene, men alt er sett betre i system i dag.

– Også opplæring og kursing er betre, ikkje minst når vi no er i ein stor kjede. Vi i kjeden er som ein stor familie. Å vera del av Meny-lauget var òg veldig interessant, det å få vera med på å forma menyane og rettane.

Men det er ikkje berre mat og matlaging som har halde triveselen oppe hos Sissel alle desse åra.

– Det har vore ein god arbeidsplass og eg har opp gjennom åra hatt mange flotte og hyggelege kollegaer.

Ei solskinshistorie i mange år

Både Sperrevik og Lyssand var med gjennom prosessen frå Drageset sitt sal til Norgesgruppen og kjedeskifte til Meny.

– Drageset hadde 17 butikkar, 4 av dei var her i Os. For kundane sin del var det ei endring å gå frå å ha eitt namn på fire butikkar til at det kom fire nye konsept frå same eigar, det gjekk frå Drageset til både Joker, Spar/Eurospar, Kiwi og Meny, seier Lyssand.

I Industrivegen var både hovudkontor, Alsaker Frukt og Grønt og ferskvareprodusenten Matglede. Alt gjekk gjennom den eine butikken, og endringa blei derfor størst for butikken i Industrivegen.

– Ser vi vekk frå desse endringane har det vore ei samanhengande solskinshistorie, i alle fall fram til 2016. Då bremsa veksta opp. Kiwi har fått fleire butikkar og nye butikkar, og marknaden har ikkje blitt noko særleg større, så konkurransen er heilt klart hardare i dag.

– Men vi har våre ting vi er gode på. Noko av dette skal folk få smaka på i morgon, då har vi både leverandørar på plass og ei god markering av dei første ti åra.

Fleire saker