Kultur | 01. apr. 2019

Siste blås før bartebyen

Os Musikkforening med vener testar NM-formen i Oseana på onsdag.

Siste blås før bartebyen
Straks klar for NM i bartebyen - Os Musikkforening inviterer til «før NM-konsert» i Oseana på onsdag. Her frå nyttårskonserten i Tunet. (Foto: KOG)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighmandag 01. apr. 2019 07:55

NM for janitsjarkorps blir kvart år arrangert i Trondheim.

Det er det største korpsarrangementet i landet. I år tek heile 116 vaksenkorps tek turen til bartebyen helga før palmehelga.

Som ei generalprøve til dette inviterer musikkforeningen til konsert i Oseanasalen på onsdag.

Konsert med vener

I år som i fjor får dei vitjing av gode musikkvener fra Alvøens Musikkforening, Åsane Musikklag og Sandvikens ungdomskorps.

Os Musikkforening melder at dei har øvd godt i mange veker på NM-musikkstykka, og der fram til ei god konserttrening før turen går til Trondheim berre få dager etter.

I Trondheim blir det tevla i åtte divisjonar. Sandvikens Ungdomskorps med dirigent Trond Madsen og Alvøens Musikkforening med dirigent Bengt Florvåg spelar begge i 1.divisjon, Os Musikkforening med dirigent Magnus Brandseth i 2.divisjon og Åsane Musikklag med dirigent Patrik Randefalk spelar i 3.divisjon.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.