Næringsliv | 10. mars 2011

Siste dag i kassen

Torsdag, etter over 17 år i kassen, hadde Dagrun Fjellbakk sin siste arbeidsdag hos Rimi. No blir det full fokus på Kafé Engeline.

Siste dag i kassen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 10. mars 2011 21:07

- Magnar har sagt at han kjem til å kalla meg inn igjen når det røyner på, så vi får sjå, kanskje kjem eg tilbake ein tur eller to, seier Dagrun om mr Halhjem, som har vore sjefen hennar sidan starten på 90-talet.

I dag hadde ho uansett sin siste dag før ho går ut i permisjon for å starta kafé i Brugata saman med søstera Borghild Strønen.

Opnar i april

Det er over ein månad sidan dei byrja å bygga Kafé Engeline på gateplan i Buggegården, og framleis står cirka ein månad igjen.

- I morgon er det flislegging på kjøkkenet. Fleire av maskinene er på plass, så det byrjar å sjå ut som ein kafé, seier Dagrun.

Ho og Borghild har ikkje turt å setja opningsdato men reknar med at dei opnar ein gong i løpet av første halvdel av april.

- Uvant med lekser

Medan andre tar seg av byggearbeidet har søstrene den siste tida hatt det travelt med kurs og lesing.

- Vi har tatt prøven for å få skjenkeløyve, men har framleis sjølve serveringsløyve igjen. Eg skal ta prøven på måndag, så i helga blir det lesing. Det er litt uvant å driva med lekser igjen, og ikkje akkurat lettlest språk alle paragrafane er skrive på, ler Dagrun.

Frå Mexico til Strøno

Pengane går fort når det er snakk om elektrisk anlegg, nye rør og nytt kjøkken. Parallelt med byggearbeidet bruker Dagrun og Borghild tida på å få resten av kronene til å strekka så langt som mogleg.

- Det får heller bli ein stol av kvar sort, så får vi skifta ut etterkvart, spøker ho.

Engeline har fått tak i både kjøkkenmaskiner og møblar brukt, mykje av det kjem frå tex-mex-restauranten Skibet på Zachariasbryggen i Bergen og opp til bestemødrene frå Strøno sin norske kafé på Os.

- Varene er grundig vaska, det er ingenting som luktar taco i Buggegården, forsikrar Fjellbakk.

Ho fortel også at fleire har kome med forslag og ønskje om kva dei bør ha på menyen i den etterlengta kafeen i Os sentrum. Nokre har også søkt om jobb.

- Vi har både fått gode tips og fått stadfesta at ein del av planane våre var noko folk ser ut til å villa ha. No gler vi oss til innspurt og opning!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.