Lokal | 30. sep. 2020

Siste innspurt på Røde Kors-tomta

Den nye leikeplassen i Os sentrum byrjar å ta form.

Siste innspurt på Røde Kors-tomta
Asfaltering og litt montering står igjen før leikeplassen er ferdig. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighonsdag 30. sep. 2020 08:30

I desember 2018 kunne elevrådet ved Os barneskule notera seg ein stor siger.

Etter å ha vore på besøk i rådhuset og hos varaordførar Marie Bruarøy (H), kunne elevane gå tilbake til skulen med ein lovnad om 600.000 kroner til uteområdet bak gymsalen, kor Røde Kors-huset tidlegare stod.

I juni 2019 kunne dåverande prosjektleiar i Os kommune, Halvor Hanevik, fortelja om fleire spanande prosjekt i området rundt barneskulen og ungdomsskulen i Os sentrum.

Om Røde Kors-tomta sa Hanevik at utnyttinga av tomta vil ikkje berre gje Os barneskule eit flott nytt uteareale - på ettermiddag og kveld såg ein føre seg at dette skal vera ein park for alle.

– Her skal det vera noko for alle. I tillegg til ei rekkje leikeapparat som inviterer til fysisk aktivitet, ser vi føre oss benkar kor du kan sitja ned og nyta den beste utsikta i Os sentrum.

Byrjar å bli klar

Arbeidet, som skulle vera ferdig i løpet av september, er så og seia i rute.

I desse dagar er dekket på plass. Fleire leike- og klatreapparat er allereie montert, mens det står att noko arbeid på andre.

Elektrikarar jobbar med å montera og kopla opp straum til fleire lyktestolpar som skal gje området lys til området.

– Ei stor disse er blant det som står igjen å montera. I neste veke er det asflatering, fortel prosjektleiar Frankie Taule Gindl i Bjørnafjorden kommune.

Leikeplassen skal stå klar etter haustferien. (Foto: KOG)
Leikeplassen skal stå klar etter haustferien. (Foto: KOG)

Elevane gler seg

Leikeplassen blir open for alle, men elevane ved Os barneskule er naturlegvis dei som får mest glede av den på dagtid.

– Byggeprosessen har gått fint, og mange elevar synest det er spennande å følgja prosessen, ikkje minst då gravemaskin var i sving, seier rektor Laila Aarbakke.

– No gler vi oss veldig til å koma tilbake etter haustferien, og til offisiell opning i oktober.

Det nye uteområdet til Os ungdomsskule er flittig i bruk òg utanom skuletid. Leikeplassen på Giskavollen kan òg by på utfordringar for dei over barneskulealder.

– Den største klatresentralen er i giga-serien, av høg prisklasse. Det er ikkje kvardagskost å montera slike, men interessa for akkurat denne har vore stor, sa leverandør Sandvik før byggestart.

– Den kan brukast i 22 ulike kombinasjonar aktivitet, og er eit apparat som ungane ikkje blir lei med det første.

Leikeplassen på Giskavollen får blant anna ei sekskantdisse, ein stor klatresentral og både disse og trampoline tilpassa rullestolbrukarar.

Disse for rullestolbrukarar. (Foto: KOG)
Disse for rullestolbrukarar. (Foto: KOG)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.