Kultur | 30. nov. 2010

Siste irske innspurt

To osingar er blant dei tre første som har fått jobb på Irish Cat. Vi var på omvising tre veker før opning.

Siste irske innspurt
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 30. nov. 2010 07:58

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 7
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

Førre veke kom skjenkeløyve på plass, fredag 17. desember blir det opningsfest på den nye nattklubben i Os.

- Eg trur eigarane har valt rett når dei ikkje har prøvd å laga ein superhip plass, sånne uteplassar må fornyast annakvart år, seier dagleg leiar Ole Christian Garmanni.

- Irish Cat ser ut til å bli ein smakfull innreia nattklubb som kan appellera til vaksne og bli ein plass som kan stå seg i mange år.

Ser etter plass å bu
Garmanni har vore barsjef på Champions og Sin (som Risti eig frå før) dei siste fem åra. No skal han flytta frå Bergen til Os for å styra Irish Cat.

- Den siste tida har eg vore på husjakt, ved sida av at eg har jobba med å førebu opninga.

- Legg til at han er singel, ler Risti.

Dei to første
Eit vaktselskap har fått oppdraget med å passa døra. Før helga fekk Garmanni sine to første kollegaer; Marita Bruarøy og Remy Søfteland.

Marita bur på Hatvik og jobbar i butikk på dagtid. Remy, som har litt fartstid på Solstrand, er no klar for å servera i sentrum når han ikkje er opptatt med å førebu Søfteland på ny divisjon og nok eit opprykk.

- No gler eg meg til opning, og til å servera mojito og strawberry daquiri til osingane. Eg har servert strilar før, dei er dei kjekkaste kundane som finnest, synes Garmanni.

God mingle-plass
Eigarane av uteplassen, Espen Risti og Bergen Servering, har lang fartstid i utelivsbransjen i Bergen, og har fått ein rutinert arkitekt til å teikna innsida av Fagerthun-huset pånytt.

- Lokalet er heilt genialt, rominndelinga var det som gjorde at vi bestemte oss for å gå for dette. Blindgater er ikkje bra for ein uteplass, måten gjestane kan bevega seg på betyr mykje, seier Risti.

- No kjem dei direkte inn til kortsida på baren, som får tett og lun atmosfære. Tidleg på kvelden skal området rundt baren bli ein koseleg plass å sitja.

Vidare kan turen gå til ein bås eller til eit bord ute ved vindauga, til høgare sitjegrupper i biljard- og dart-avdelinga eller inn på platået rundt scenen i LIVE-avdelinga.

- På Irish Cat skal det bli naturleg å mingla, å gå frå bar eller LIVE-avdeling til bås eller biljardbord, utan å måtta gjera heilomvending.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.