Kultur | 29. mars 2012

Siste kino før påske

Ein gretten, men sjarmerande hårball og eit "spel" der sistemann i live vinn.

Siste kino før påske
Katniss (Jennifer Lawrence) i THE HUNGER GAMES. (Foto: Lionsgate)
Kari M. Lyssandtorsdag 29. mars 2012 09:36

Søndag 1. april kan du velja mellom morosom animasjon og spennande actionthriller på Bygdekinoen. Då kjem animasjonsfilmen "Lorax - skogens vokter" og spenningsfilmen "The Hunger Games" til Oseana.

Lorax

Den dataanimerte 3D-filmen Lorax - skogens vokter er forteljinga om eit skogsdyr som sprer håp i omgjevnadane. Vi følgjer reisa til den unge guten Ted, som leiter etter den eine tingen som kan få han til å vinna hjartet til draumejenta Audrey. For å nå målet sitt må guten bli kjend med Lorax, som er eit grettent, men sjarmerande vesen, som kjempar hardt for å beskytte si eiga verd.

Filmen er basert på ei bok av Dr. Seuss, som er ein av USA sine mest kjende barnebokforfattarar. Han har også skrive bøkene "Grinchen redder julen" og "Horton redder en Hvem".

Filmen spelte inn over 70 millionar dollar i løpet av opningshelga, noko som er den beste opningshelga så langt i USA! Blant dei norske skodespelarane som har lånt vekk stemmene til filmen, finn vi mellom anna Benjamin Helstad, Ivar Nørve, Linn Skåber, Siri Nielsen, Håvard Bakke og Scott Maurstad.

Filmen starter klokka 16.00 og er open for alle aldrar.

The Hunger games

I restane av det som ein gong var Nord- Amerika, tvingar Panem- nasjonen kvart år alle sine tolv distrikt til å sende ein tenåringsgut og ei tenåringsjente for å konkurrere i "The Hunger Games". The Hunger Games er til dels forskrudd underhaldning, dels skrekktaktikk frå myndigheitene, der "tributtar" må slåst mot kvarandre inntil éin overlevande står att - alt overført på fjernsyn.

Katniss står no ovanfor "tributtar" som har førebudd seg til disse leikane heile livet, og ho må stole på sine skarpe instinkt og veiledning frå ein tidlegare sigerherre, den no forfylla Haymitch Abernathy. Dersom ho nokon gong skal kunne venda heim til Distrikt 12 må Katniss gjera nokre umogleg val, val som veg overleving opp mot det å vera menneskeleg, og livet opp mot kjærleiken.

THE HUNGER GAMES er regissert av Gary Ross og er basert på Suzanne Collins sin bestseljande roman som har seld meir enn tre millionar trykte eksemplar i USA åleine, og som er den første boka i ein trilogi som har fått ei global tilhengarskare.

Filmen startar klokka 19.00 og har 11 års aldersgrense.

Billettar var å få kjøpt i resepsjonen på Oseana frå 27. mars.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.