Lokal | 22. juni 2011

Siste og første skuledag

I dag var siste skuledag for passasjerane til Godøysund Ekspressen. Samstundes kjem skipper Strønen med ei lita lekse til Os.

Siste og første skuledag
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 22. juni 2011 19:44

I dag starta sommarferien for mange skuleelevar. Godøysund Ekspressen, som kjører elevar og pendlarar frå Skår på Reksteren og Våge på Tysnes til Os, skal no på slipp.

– Vanlegvis bruker eg Lukksund Ekspressen sommarhalvåret, den er mindre, raskare og rimelegare i drift. Men no har den vore på slipp og i dag skal dei to båtane skifta plass, seier Ole Bjarne Strønen frå Strønens Båtservice.

25 kvar veg

Godøysund tar 70 passasjerar, Lukksund 33.

– Som oftast er det mellom 25 og 30 passasjerar. Eg plar starta skuleåret med Godøysund Ekspressen, i tilfelle det er eit stort kull det året. Det meste som har vore med ruta er 37.

Sommar i Rosendal

Ved sidan av dei to større båtane, har han ein 51 fot Fairline og ein Viknes 1030. Desse tar 12 passasjerar kvar.

– Det blir nokre taxiturar med småbåtane òg. Reine blåturar er det ikkje så mykje av, men ein del firmaturar og gruppeturar til for eksempel Lysøen og Rosendal.

Strønen, som elles jobbar som boresjef for Odfjell Drilling, vel båt etter storleiken på oppdraget.

Irriterande langtidsparkering

Oppdraget med elevtransport over Bjørnefjorden varer til 2013, då er det nytt anbod.

– Eg har diskutert med Tysnes kommune og vi har sett på om ikkje Halhjem bør veljast framfor Os ved komande runde. Hamna i Os er for dårleg.

Når det er kraftig sønnavind er det vanskeleg å legga trygt til land.

– Eg har lufta for kommunen om ikkje inste del av gjestebrygga, der det er best skjerma, burde vore reservert for båtar i næring. I staden aksepterer dei uhaldbar langtidsligging av båtar på denne bestedelen av brygga.

Frå leiketøy til stålrøyr

Strønen er tydeleg på at Os hamn for lengst burde vore lukka av bølgjebrytarar på kryss og tvers.

– Og då meiner eg ikkje sånt leiketøy som ligg i enden av den nye moloen, men noko med litt dimensjon på.

– Det er stadig større offshoreanlegg som blir rigga ned, der kraftige stålrøyr blir overflødige. Desse flyt og kan hevast og senkast som det passar, og ville verkeleg fungert som bølgjebrytar.

Hamneutvikling er sentrumsutsvikling

At ei god hamn både er god butikk, og noko som kan leigast vekk, er han også klar over.

– Om noko blir gjestehamn og noko blir leigd vekk så er hamna sjølvfinansiert. Dette ville ha gagna handelsstanden i Os sentrum òg.

No håper Ole Bjarne at prosessen rundt Os hamn held fram med tilsvarande tempo som utbygginga på Mobergsneset. Kanskje kan også området rundt bunkringa bli betre skjerma.

– Hadde hamna vore god nok til at du kunne ligga her med båt heile året så ville den vore full om vinteren òg. Dei har fått dette med hamneutvikling til i mange andre kommunar, ei godog velbrukt hamn pyntar sentrum, det er der sentrumsutviklinga bør starta, meiner skipperen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.