Siste sjanse
Neste helg er siste sjanse til å sjå "Stolt gamal gris". - Og denne helga er siste sjanse til å drita seg så mykje med at du kjem inn i programmet, seier Maggen.


Opus Café & Bar hadde eit imponerande standup-program i starten av året, men osingen Magnar "Maggen" Lien slo både Jon Schau og andre standupkjendisar i besøkstal.
Med "Stolt gamal gris" blei det folksamt heile fire kveldar i juni - neste helg er det ekstraforestillingar.
- Eg kjem med nytt show til jul, så dette er siste sjanse, seier Maggen.
- "Stolt gamal gris" er oppdatert litt, men osingane er for snille så det er framleis sjanse til å skriva seg inn i programmet. Driter du deg ut i helga er du garantert plass, lovar Lien.
Drittprat på Nore Neset
Under Nore Neset Dagane var Lien på scenen igjen, også då med standup, som han debuterte med i juni.
- Eg brukte litt frå "Stolt gamal gris" og litt nytt materiale. I tillegg fekk enkelte norenesingar kjenna på det, verken Robert Kaastad, Arntzen frå heimebakeriet eller Morten Døsen styrte klar.
- Mykje av det nye materialet sparar eg til jul, men enkelte ting blir nytt neste helg. Alle osingar har jo fått seg ei mor i Oslo, Laila på Tinget må eg vel innom. Elles er det heller ikkje heilt trygt å sitja i salen, det er jo ikkje berre eg som skal dritast ut desse kveldane, seier Maggen.
"Stolt gamal gris" går på Opus 9. og 10. oktober.
Her kan du sjå snutt frå framsyninga i juni.