- 04. jan. 2021

Siste smittetilfelle i 2020

Ein mann i 30-åra fekk påvist covid-19.

Siste smittetilfelle i 2020
Koronaviruset. (Foto: FHI)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 04. jan. 2021 08:13

På nyttåsaftan, torsdag 31. desember, fekk vi eit nytt smittetilfelle i Bjørnafjorden kommune.

Ein mann i 30-åra fekk påvist covid-19. Smitteveg er kjent, han blei smitta i ein annan kommune.

Dermed blei det totalt 3 nye smittetilfelle i veke 53 mot 4 veka før.

Totalt blei 104 innbyggarar i Bjørnafjorden kommune smitta i 2020, 15 på våren, 89 på hausten. Éin innbyggar har gått bort som følgje av covid-19.

Det blei i går innført nye, nasjonale smitteverntiltak.

Bjørnafjorden kommune får dei 80 første dosane med vaksine i veke 1. Dei treng over 8000 dosar til dei drygt 4000 i Bjørnafjorden kommune som er over 65 år gamle. I tillegg er det rundt 4000 innbyggarar i andre risikogrupper.

Datoane* for dei smitta i Bjørnafjorden til no

* dato for offentleggjering via kommunen. Vedkomande kan ha fått konstatert smitte éin eller fleire dagar før.

Totalt: 104 smitta i Bjørnafjorden kommune

15 smitta i vår:
11. mars: Mann i 50-åra, smitta etter utanlandsreise.
14. mars: Mann i 50-åra og mann i 30-åra, ein av dei etter utanlandsreise.
20. mars: Kvinne i 20-åra, den første smitta på Fusa-sida av kommunen.
21. mars: Mann og kvinne i 40-åra.
23. mars: Fire nye smittetilfelle. Alle er i nær relasjon til ein annan smitta. Kjønn og alder er ikkje opplyst om.
4. april: Kvinne i 30-åra. Første konstaterte smitta på 12 dagar.
7. og 8. april: Smittetilfelle nummer 12 og 13, ein mann i 20-åra og ei ti år gamal jente.
14. april: Ektepar i 70-åra.

Til no 89 smitta i haust:
10. august: To i 20-åra etter utanlandstur.
(14. august: Soldat smitta i Ulven leir)
17. august: Mann i 20-åra smitta etter lengre opphald i utlandet.
21. august: Kvinne i 20-åra smitta innanlands, men i ein annan kommune.
26. august: Kvinne i 20-åra. Ho har vore i nærkontakt med kvinna som blei konstatert smitta 21. august, og er med andre ord den første i haust som er smitta internt i Bjørnafjorden kommune.
5. september: Ein mann i 20-åra i Bjørnafjorden kommune har testa positivt for covid-19. Smittevegen er kjent.
7. september: Mann i 30-åra.
11. september: 12 år gamal elev ved Os barneskule er smitta etter kontakt med ein smitta frå ein annan kommune.
13. september: Kvinne i 20-åra, smitta av nærkontakt frå ein annan kommune.
14. september: Kvinne i 20-åra, smitta av nærkontakt frå ein annan kommune.
16. september: To kvinner i 20-åra, smitta i Bergen.
17. september: Mann i 20-åra, smitta i Bergen, same stad som tre andre i 20-åra, meldt 13. og 16. september.
14. oktober: Mann i 20-åra.
14. oktober: Kvinne i 20-åra smitta i Bergen.
16. oktober: Mann i 40-åra, smitta ved arbeidsstad i utlandet.
16. oktober: Mann i 20-åra, smitta i Bergen.
16. oktober: Kvinne i 20-åra, smitta i Oslo. Kvinna er folkeregistrert i Oslo, men har vore på besøk i Bjørnafjorden.
17. oktober: Mann i 40-åra. Smitteveg foreløpig ukjent.
22. oktober: Kvinne i 20-åra, frå Os-sida av kommunen, smitta ved arbeidsplass i Bergen.
25. oktober: Kvinne i 40-åra. Ukjent smitteveg.
28. oktober: Sambuarpar i 20-åra, smitta i Bergen.
29. oktober: Kvinne i 30-åra, smitta i Bergen, utan nærkontaktar i Bjørnafjorden.
29. oktober: Lærar ved Søfteland barneskule. 30 elevar hamna i karantene.
31. oktober: Kvinne i 30-åra, smitta i Bergen.
31. oktober: Tilsett ved Lurane. 5 kollegaer og 10 bebuarar i karantene, ingenmed symptom.
1. november: Mann i 30-åra, smitta i Bergen.
1. november: Kvinne i 60-åra, smitta i Bergen.
2. november: Mann i 30-åra, smitta av familiemedlem.
2. november: Kvinne i 40-åra, ukjent smitteveg.
3. november: Mann i 50-åra, smitta av nærkontakt han var i karantene med.
4. og 5. november: Ingen nye smittetilfelle.
6. november: Jente i tenåra, smitta i ein annan kommune
(6. november: Kvinne i 50-åra, smitta i utlandet, var i karantene i Bjørnafjorden)
7. november: Ingen nye smittetilfelle.
8. november: Tre menn i 20-åra, ikkje relatert til kvarandre, smitta i ein annan kommune
9. november: Tilsett ved Luranetunet. 16 bebuarar og 7 tilsette i karantene.
9. november: Jente i tenåra. Heile 8. trinn ved Os uskule og fleire ved Ung Arena i karantene
10. og 11. november: Ingen nye smittetilfelle.
(11. november: Elev ved Os vgs som bur i ein annan kommune og testa seg der.)
12. november: Kvinne i 20-åra smitta i Bergen.
12. november: Kvinne i 30 åra og to menn i 30-åra, kjent smitteveg.
13. november: Gut i 3. trinn på Os barneskule.
13. november: Kvinne i 30-åra. Kjend smitteveg.
13. november: Mann i 30-åra. Kjend smitteveg.
13. november: Mann i 50-åra. Kjend smitteveg.
13. november: Kvinne i 40-åra. Kjend smitteveg.
13. november: Jente i tenåra. Kjend smitteveg.
13. november: Jente i tenåra. Kjend smitteveg.
(14. november: Elev på 10. trinn ved Nore Neset uskule, testa i ein annan kommune)
15. november: Mann i 60-åra. Nærkontakt til bekrefta smitta i Bergen.
15. november: Mann i 40-åra. Nærkontakt til bekrefta smitta i Bjørnafjorden.
15. november: Kvinne i 50-åra. Nærkontakt til bekrefta smitta i Bjørnafjorden.
15. november: Kvinne i 50-åra. Nærkontakt til bekrefta smitta i Bergen.
15. november: Kvinne i 40-åra. Uavklart smitteveg.
16. november: Jente på 3 månader. Smitta av nærkontakt i Bjørnafjorden.
16. november: Kvinne i 40-åra. Smitta av nærkontakt i Bjørnafjorden.
16. november: Kvinne i 50-åra. Smitta av nærkontakt i Bjørnafjorden.
16. november: Mann i 30-åra. Smittesporing pågår
16. november: Mann i 50-åra. Smitta av nærkontakt i Bjørnafjorden.
16. november: Kvinne i 30-åra. Ukjend smitteveg.
16. november: Kvinne i 20-åra. Smitta av nærkontakt i Bjørnafjorden.
18. november: Jente i slutten av tenåra. Smitta av nærkontakt i Bjørnafjorden.
18. november: Kvinne i 20-åra. Smitta av nærkontakt i Bjørnafjorden.
18. november: Mann i 20-åra. Ukjend smitteveg.
18. november: Kvinne i 40-åra. Smitta av nærkontakt i Bjørnafjorden.
18. november: Kvinne i 40-åra. Smitta av nærkontakt i Bjørnafjorden.
18. november: Kvinne i 40-åra. Smitta av nærkontakt i Bjørnafjorden.
18. november: Kvinne i 50-åra. Smitta av nærkontakt i Bjørnafjorden.
19. november: Mann i 50-åra. Smitta av nærkontakt i Bjørnafjorden.
22. november: Mann i 20-åra, smitta av nærkontakt i Bjørnafjorden.
22. november: Jente i tenåra, smitteveg ukjent.
24. november: Kvinne i 20-åra. Smitteveg er kjent.
26. november: Kvinne i 20-åra. Smittevegen er kjent.
26. november: Mann i 50-åra. Ukjent smitteveg.
28. november: Kvinne i 50-åra. Smittevegen er kjent.
28. november: Kvinne i 20-åra. Ukjent smitteveg.
28. november: Kvinne i 20-åra. Smittevegen er kjent.
30. november: Kvinne i 50-åra. Smittevegen er kjent og nærkontaktar er varsla.
30. november: Kvinne i 20-åra. Ukjent smitteveg. Nærkontaktar er varsla.
30. november: Kvinne i 20-åra. Smittevegen er kjent og nærkontaktar er varsla.
1. desember: Mann i 20-åra. Smitteveg er kjent.
3. desember: Mann i 50-åra. Kjent smitteveg.
3. desember: Mann i 40-åra. Ukjent smitteveg.
4. desember: 17 år gamal elev ved Fusa vgs. 13 elevar og 3 tilsette i karantene.
7. desember/4. desember: Kvinne i 50-åra. Smitteveg kjent.
22. desember (for 21. desember): Kvinne i 20-åra. Smitta i ein annan kommune.
24. desember: Jente i tenåra, ukjent smitteveg.
24. desember: Mann i 50-åra, nærkontakt av smitta tenåring.
24. desember: Kvinne i 50-åra, nærkontakt av smitta tenåring.
29. desember: Jente i slutten av tenåra. Smitteveg er ukjend.
31. desember: Mann i 50-åra smitta i ein annan kommune.
3. januar (for 31. desember): Mann i 30-åra smitta i ein annan kommune.

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • For heile familien (6 pers)
  • Utan bindingstid
  • Berre 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.