Siste solgløtt
Fredag vakna vi til skyfri himmel og is på bilen, laurdag kveld kjem regn og sterk kuling.


Ein periode med klarvêr er snart over. Det skal skya til i ettermiddag, men koma litt sol laurdag formiddag, før helga blir forvandla til våt og vindfull.
Eit stykke ut i opprykkskampen mellom Os og Austevoll laurdag kjem regnet, og det skal regna mykje utover laurdagskvelden og sundag.
Ein storm var venta til Vestlandet denne helga, men vinden ser ikkje ut til å koma opp i storm styrke rundt Os. Stille blir det uansett ikkje, laurdag ettermiddag er det meldt same vindstyrke som fredag ettermiddag: stiv kuling 15 m/s.
Laurdag kveld skal vinden auka til sterk kuling 20 m/s.
Det skal regna i Os frå laurdag ettermiddag til og med torsdag i neste veke. Så kjem sol og lågare temperatur.
Sjå 10-dagarsvarsel for Osøyro på yr.no.