Siste treningskamp før NM-kvalik mot Fana
Os tok i kveld imot Varegg på Kuventræ.
Bildeserie:
Måndag blei det klart at Os møter Fana i andre og siste kvalifiseringskamp til årets NM. Kampen går på bortebane førstkomande måndag.
Os, som er tilbake i 3. divisjon i år, tok i kveld imot Varegg, som rykte ned frå 3. divisjon i fjor, til treningskamp på Kuventræ. Gjestane blei leia av Frank Hellevik, som trente Os sist dei rykte opp til 2. divisjon, i 2009.
Os - Varegg 2-0 (2-0)
Målskårarar: Fabian Bødtker og Harry Moore.
Os: Chris Sunde Midtun - Anders Havsgård (Trym Hjørnevik), Alexander Dale, Vegard Strønen Skeie (Petter Austevoll), Harry James Moore (Alexander Tøssebro) - Rune Mo (Henrik Sperrevik), Steffen Kvamsdal, Jonas Hovland - Mats Cato Moldskred (Kristoffer Røttingen), Fabian Bødtker og Roger Ekeland.
– Eg synest vi gjer ein grei førsteomgang og ein svak andreomgang, oppsummerer spelande assistenttrenar Rune Mo.
– Vi øvde på å variera presset, frå høgt til lågt, og det fekk vi til. I starten spelte vi ganske direkte, og det kunne vi nok halde fram med litt lengre.
Utover i kampen blei Os meir statiske, og drog på seg nokre unødvendige brot imot.
– Vi får seia oss nøgde med å halda nullen, og satsa på at vi tar med oss det beste frå denne kampen inn i årets første teljande kamp måndag, seier Mo.
Resultat i treningskampane så langt i år:
Os - Fana 0-2 (0-0)
Os - Smørås 3-0 (1-0)
Fyllingsdalen - Os 2-3 (1-2)
Os - Trio 2-2 (2-1)
Os - MFK Frýdek-Místek 0-1 (0-0)
Stord - Os 3-0 (3-0)
Os - Varegg 2-0 (2-0)
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.