Sit framleis fengsla
I juni blei han tatt etter at det blei høyrt skot ved eit hus i Hegglandsdalen. I går fekk han forlenga varetekt med yttarlegare fire veker.
Det var søndag ettermiddag 10. juni at politiet fekk melding om lyden av skot i Hegglandsdalen. Ein patrulje rykte ut og tok ein mann som kom ut av huset med "ein våpenliknande gjenstand".
Sidan har mannen sete fengsla, sikta for "overtredelse av overtredelse våpenloven § 33 første ledd annet punktum", med strafferamme på inntil 4 år.
– Saka er framleis under etterforsking og det er fare for gjentaking og fare for øydelegging av bevis som gjer at vi ønskjer å ha vedkomande fengsla vidare, seier politioverbetjent Terje Sperrevik.
Sikta samtykka i vidare fengsling.
– Samtidig må vi følgja med på at det ikkje blir oversoning, at han blir sitjande i varetekt lengre enn kva det blir rekna med at han blir dømt til.
Sist han fekk forlenga varetekt var 17. september. Måndag 15. oktober blei fengslinga utvida med fire veker, til 12. november.