17. maitoget i Finnebrekka

Sjå 17.mai-toget

Midtsiden sender barnetoget frå Finnebrekka direkte frå litt etter klokka 12.

Av: Andris Hamre

Vi sender også direkte frå Kyrkjeflaten klokka 13.

Hovudprogram for Os sentrum 17.mai 2018

07.00: Os Musikkforening speler frå Finnebrekka

10.00: Gudsteneste i Os Kyrkje v/ sokneprest Margrethe Holmboe Askeland. Os Mannskor deltek

10.00 - 12.00: Arrangement i Tropehagen på Luranetunet. Hjarteleg velkomen til bebuarar, pårørande og vener av Luranetunet.Tale ved Anders Hauge. Os Spelemannslag deltek. Servering av pølser, sal av is.

11.00: Minneparken. Tale ved «komponist og samfunnsengasjert» Glenn Erik Haugland.

Song av Os Mannskor 

11.30: Oppstilling på skuleplassen til Os ungdomsskule

12.00: Korpsa speler «Ja vi elsker». Toget legg i marsj på andre verset. Toget går opp Landboden og over gamlebrua til Finnebrekka. Ut Finnebrekka, vidare ned Hatvikvegen over Osbrua. Til høgre inn Brugata, gjennom sentrum, til høgre ved Legangerbygget/ Nordisk Rom og inn på Kyrkjeflaten

13.00: Arrangement på Kyrkjeflaten. Musikk ved Os skulekorps og Os Musikkforening.

Program på Kyrkjeflaten

– Opningssong: «Ja vi elsker». Alle syng med. 2 vers

– Ord for dagen ved elevar frå 7.trinn Os barneskule

– Song ved 1. og 2. klassetrinn Os barneskule, Os-songen. Alle syng med. To vers.

– Tale for dagen ved Anne Marie Aarøen Vangsnes

– Kulturelt innslag

– Tale ved russepresident ved Os Gymnas: Jenny Lundervik Sælen, og russepresident ved Os Vidaregåande skule: Sukanya Sarasiri

– «Fagert er landet». Alle syng med. 2 vers

14.00: Slutt

Fleire saker