Lokal | 18. feb. 2020

Sjå det nye uteområdet til Søfteland barneskule

Opna og feira nye leikeområde utandørs.

Ørjan Håland
Ørjan Hålandtirsdag 18. feb. 2020 13:05

Bildeserie:

Entusiastiske elevar. (Foto: ØH)
Entusiastiske elevar. (Foto: ØH)
Basketbane. (Foto: ØH)
Basketbane. (Foto: ØH)
Klatrestativ. (Foto: ØH)
Klatrestativ. (Foto: ØH)
Handballbane. (Foto: ØH)
Handballbane. (Foto: ØH)
Pumptrack. (Foto: ØH)
Pumptrack. (Foto: ØH)
1 av 5
Entusiastiske elevar. (Foto: ØH)
Basketbane. (Foto: ØH)
Klatrestativ. (Foto: ØH)
Handballbane. (Foto: ØH)
Pumptrack. (Foto: ØH)

Med ny utandørs handballbane, basketbane, klatrestativ, pumptrack og ein ny møteplass-arena fekk Søfteland barneskule i dag eit solid løft på uteplassen sin.

– Det var fantastisk kjekt at det no var vår tur til å bli valgt ut, dette betyr mykje for elevane, seier rektor Line Marie Aarbakke.

Anlegget er finansiert av midlar frå Gjensidigestiftelsen, Norges Håndballforbund og Bjørnafjorden kommune.

Totalkostnaden for anlegget er på kring 2,6 millionar kroner. Kommunen sjølv gjekk inn med 650.000 kroner for å realisera prosjektet.

Dette er sjølve møteplassen men sitjeplassar og tak. (Foto: ØH)
Dette er sjølve møteplassen men sitjeplassar og tak. (Foto: ØH)

Kjapp prosess

Idrettskonsulent i Bjørnafjorden kommune, Tom Leonsen, kan fortelja om ein effektiv prosess med eit nytt konsept.

Pumptrack, basketbane, handballbane, klatrestativ og sjølve møteplassen er på plass. (Foto: ØH)
Pumptrack, basketbane, handballbane, klatrestativ og sjølve møteplassen er på plass. (Foto: ØH)

– Vi vart kontakta av Unisport i august 2019 og dei kunne fortelja at dei hadde to møteplass-konsept som dei ikkje fann plass til i Oslo.

– Vi fann fort ut at det ville vera plass til dette konseptet her på Søfteland, og då gjekk det veldig fort. Allereie i november var denne møteplassen på plass, fortel Leonsen.

Bildeserien under er synleg for pålogga abonnentar:

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.