Lokal | 08. juni 2010

Sjå kor stilig!

Nytt rekkverk og ni lyktestolpar blir no montert på Osbrua. Fredag skal første trinn vera ferdig.

Sjå kor stilig!
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 08. juni 2010 12:45

Osbrua er under oppussing. I dag byrja arbeidet med montering av nytt rekkverk og nye lyktestolpar.

- Rekkverket er 120 cm høgt. I tillegg skal det kopma 9 lyktestolpar langs brua, på utida av rekkverket, fortel anleggsleiar Olav Moen.

Etter skjema
Vedlikehold-Service Drammen satsar på å vera ferdig med fase A på fredag. Målet var å bli ferdig til 17. mai, men slik gjekk det ikkje.

- Vi har ikkje møtt spesielle utfordringar. Tida var knapp i utgangspunktet, og så hadde vi påske og fleire fridagar i mai som ikkje gjorde det betre.

Fase B
Når arbeidet er ferdig med fase A byrjar selskapet på den andre sida av brua. Her skal ikkje fortauet utvidast, berre utbetrast.

- Vi reknar med å bruka 3-4 veker på dette arbeidet, seier Moen.

Med andre ord er dei truleg ikkje ferdig til marknadsdagane og Osøren Blues & Jazzfestival siste helga i juni.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.