Sport | 25. juli 2015

Sjå kven som speler

Sjefen på banen då Os slo Sotra 4-2 i treningskamp på Kuventræ laurdag.

Sjå kven som speler
Hassan El Fakiri har snøra på seg fotballskoa igjen og styrte Os frå ei djup midtbane i treningskampen mot Sotra laurdag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 25. juli 2015 15:29

Bildeserie:

Tilbake på Os var òg Egil Thuen som avslutta kampen med ein susar av eit frispark (foto: AH)
Tilbake på Os var òg Egil Thuen som avslutta kampen med ein susar av eit frispark (foto: AH)
Amerikanske Andrew Todd sto 1. omgangen mot Sotra (foto: AH)
Amerikanske Andrew Todd sto 1. omgangen mot Sotra (foto: AH)
Landsmann Devante Dubose gjorde ein solid kamp på høgrebacken (foto: AH)
Landsmann Devante Dubose gjorde ein solid kamp på høgrebacken (foto: AH)
Spanske Rafael Villén batt midtbanen saman i lag med El Fakiri (foto: AH)
Spanske Rafael Villén batt midtbanen saman i lag med El Fakiri (foto: AH)
Sveitsisk/portugisiske Tiago Ribeiro kan bli ein spennande offensiv tilvekst til Os (foto: AH)
Sveitsisk/portugisiske Tiago Ribeiro kan bli ein spennande offensiv tilvekst til Os (foto: AH)
1 av 5

Hassan El Fakiri tilbake på banen då Os møtte eit noko redusert Sotra til treningskamp på Kuventræ laurdag. I 90 minutt styrte den tidlegare proffen Os til siger 4-2 etter å ha lagt under 0-2 til pause.

– Det var tungt, men gøy, seier El Fakiri etter kampen.

Os slit i bunn av 3. divisjon avdeling 6 og kan trenga den tidlegare utenlandsproffen på banen for å berga plassen.

Batt laget saman

Det var tydeleg at Os har mangla ein sjef som trenaren på banen etter kampen. I 90 minutt styrte han spelarane og batt lagdelane saman. Som djup midtbane låg han i det eine augeblikket som ekstra midtstoppar, før han i neste blei med på raid framover.

– Eg er nøgd med det vi gjer i dag.

– Sjølv trengde eg denne gjennomkøyringa.

– Blir du å sjå på banen om ei veke når de tek i mot Stord?

– Vi får sjå. Eg driv og tek A-kurs også, så det spørs om det klaffar. Men eg vil nok vera på banen i perioder utover hausten, fortel Ostrenaren til glede for supporterane.

Siste sesongen i Brann starta mellom anna El Fakiri i tredje serierunde mot Rosenborg. At han framleis har det i seg var det liten tvil om på Kuventræ.

Spennande prøvespillarar

Det var ikkje berre El Fakiri som gleda publikum på Kuventræ laurdag.

Heile fire spelarar, to frå USA, ein frå Sveits/Portugal og ein frå Spania, var på prøvespel for Os.

– Eg er imponert over dei. Det er tydeleg at dei er gode ballspelarar og har ein del andre ferdigheitar i tillegg.

– Eg er nøgd med kva dei viste i dag, oppsummerer El Fakiri om dei potensielt nye spelarane.

Midtsiden er ikkje i tvil om at dei alle fire vil vera ei forsterking av eit Os-lag som har hatt ein tung vår. Det blir spennande å sjå om klubben lykkast med å henta ein eller fleire av dei til Kuventræ.

Egil nær skåring

Eit anna gledeleg gjensyn var bursdagsguten Egil Thuen (20), som kom inn i det siste kvarteret. Han markerte seg med å avslutta kampen med eit frispark frå 22 meter som berre var millimetre frå å gå inn i krysset.

– Egil var ein spennande spillar. Det er kraft i dei beina der, smilte Hassan El Fakiri etter kampen.

Sexy med våte krøller

Assistent-trenar Ørjan Håland måtte ta rolla som coach frå sidelinja då hovudtrenaren tok rolla som sjef på banen. På engelsk og osamål prøvde han å jaga gutane opp i tempo.

– Korleis var det å ha sjefen på banen?

– Eg tykkjer Hassan er sexy med våte krøller eg, ler Håland avvæpnande etter å ha latt seg imponera av sjefen sin innsats på banen.

Os sine mål kom etter 47 minutt då Emil Halvér reduserer til 1-2 etter assist frå portugisiske Tiago Ribeiro. 2-2 står Sander Kvittingen for etter assist frå Adrian Valle. Tiago Ribeiro fekk æra av å ta Os opp i leiinga 3-2 på straffe etter at Emil Halvér blei felt på eit gjennomspel frå midtbanespelar Rafael Villén. Sigersmålet sette Villén inn på bakre stolpe etter at Ribeiro med ein solid enkelprestasjon tok seg rundt på kanten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.