Sjå Steinneset hos Tvedten
Kommunen stiller ut studien av Steinneset. Vi ha tilbakemelding i 3D-modell.
Fredag ettermiddag var plansjef Tina Sinclair og by- og arealplanlegger Henning Wenaas Ribe i dei ledige lokala etter S. Tvedt på Osøyro og hang opp dei tre bidraga til moglegheisstudien av Steinneset.
• Les: Slik kan Steinneset bli
Med bileta ut mot gata er utstillinga open for alle heile døgnet.
Tek i bruk 3D-system
Reaksjonane lot ikkje vente på seg, då kommunen presenterte skissene på eit folkemøte i slutten av oktober.
• Les: – Kvifor er husa våre vekke?
No kan både dei som var tilstades og andre interesserte, sjå nærare på planane og komma med tilbakemeldingar.
– Korleis kan folk gje tilbakemeldingane sine?
– Vi tek i bruk eit heilt nytt system, kor vi er i ferd med å lage ein 3D-modell av heile Os. Systemet har det klingande namnet Cityplanner og skal nyttast også til å gje tilbakemeldingar, fortel Sinclair og Wenaas Ribe.
Dei har også samla alle delstudiane under områdeplanen på ei eiga nettside, slik at publikum kan studera dei i ro og fred.
I systemet kan ein zoome inn og ut, snu på kartet og sjå skissene frå fleire kanter.
– VI er ikkje heilt klare med disse skissene i systemet enno, men i løpet av veka er det nok på plass.
– Då kan folk klikke der dei ønskjer å gje ein kommentar og skrive det dei tenkjer. Alle tilbakemeldingane tek vi med oss når vi skal presentere områdeplanen for kommunestyret rundt årsskiftet. Dei vil også bli lagt ved når områdeplanen for Osøyro skal til endeleg politisk handsaming, avsluttar dei to.