Kultur | 01. aug. 2015

Sjarmerte Stine

Video: Kjell Elvis gjorde som kongen og sjarmerte damen i senk då Kvinneforeningen inviterte til førmiddagsprat på Bar:t laurdag.

Andris Hamrelørdag 01. aug. 2015 12:51

Bildeserie:

Kvinneforeningen hadde samla kongen og ordføraren i sofaen (foto: AH)
Kvinneforeningen hadde samla kongen og ordføraren i sofaen (foto: AH)
Kjell Elvis lærte Søviknes korleis han skulle vrikka på hoftene (foto: AH)
Kjell Elvis lærte Søviknes korleis han skulle vrikka på hoftene (foto: AH)
– Kan nokon ta bilete av meg med Kongen, undra Stine Kobbeltveit. Midtsiden tok jobben (foto: Andris Hamre)
– Kan nokon ta bilete av meg med Kongen, undra Stine Kobbeltveit. Midtsiden tok jobben (foto: Andris Hamre)
1 av 3

Stine Kobbeltveit og Anne Marie Aarøen Vangsnes utgjer tilsaman Kvinneforeningen under Osfest. Laurdag inviterte dei til «Musikk og Sherry med Kvinneforeningen» i sofakroken med artistane på festivalen.

Innom var mellomanna Delillos, Jace Everett og Kjell Elvis, sistnemde i par med ordførar Terje Søviknes.

– Vi må jo parra kongen og ordføraren, kommenterte Aarøen Vangsnes, som igjen viste sin humoristiske teft med sjølvskrevne vitsar på løpande band.

Lærte ordføraren hoftevrikk

Ordførar Terje Søviknes slit med ein prolaps i ryggen. Då var det greit å ha kongen til å kunne visa nokre hoftevrikk for å halde kroppen i form. Søviknes stilte sporty opp og vrikka i veg.

– Eg kjende den, lo ordføraren etter seansen.

Har overlevd kongen

– Kor gamal er du, undra Aarøen Vangsnes då Kjell Elvis kom inn på korleis det har vore å leva som Elvis heilt og fullt.

– I Noreg har det vore litt jantelov, men i USA var det noko heilt anna. Der var berre keep on gooing.

– Til spørsmålet ditt så er eg 48 år, så eg har overlevd Elvis, svara han.

– Då veit vi korleis han ville sett ut om han ikkje hadde døydd 44 år gamal, konkluderte Aarøen Vangsnes.

Intervjuet med dei to blei avslutta ved at Kjell Elvis, som kongen sjølv, sjarmerte damene i senk. Då spesielt Stine Kobbeltveit som fekk fungera som mikrofonstativ for kongen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.