Næringsliv | 29. okt. 2009

Sjefen til Vollvik

I november blir Ludorådet til Idar Vollvik lansert. Ein av leiarane i rådet er osingen Jan Erik Bøyum.

Sjefen til Vollvik
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 29. okt. 2009 09:35

Bildeserie:

1 av 2

Idar Vollvik er tilbake. Ludo Mobil veks fire gongar fortare enn kva Chess gjorde i same alder, og selskapet har passert målet for første halvår allereie etter tre månadar.

- Vi har over 16.000 abonnentar og selskapet veks med to millionar kroner i verdi for dagen, fortel Vollvik til Midtsiden.no.

Men dei siste sparepengane til mannen, som etter Chess-salet hadde rundt ein milliard kroner på konto, har saman med 60-70 prosent av tida hans gått med til noko anna enn å selja mobilabonnement: Ludorådet, der studenten Jan Erik Bøyum frå Os er ein av seks leiarar.

- Tillit er ikkje noko du tar, det er noko du får, og Jan Erik fekk raskt min tillit. Og han har vist seg tilliten verdig, Bøyum imponerer meg i sitt engasjement for Ludorådet, seier Idar.

- Desse studentane i styringsgruppa er mine sjefar, dei bestemmer kva eg skal bruka tida mi på. Meiner Bøyum eg bør stilla i eit møte eller på eit foredrag, så reknar eg med at då er det bruk for meg.

Best på sparring: Studentar
Vollvik er best kjent for å ha tatt Chess frå null til gull, og har i tillegg fått merksemd som gründar, entreprenor of the year-kandidat og jurymedlem i TV 2-programmet "Skaperen". Sjølv fortel han at han har starta rundt 20 selskap, og at han opp gjennom åra har hatt spesielt god erfaring med å lytta til studentar.

- På den eine sida er dei kritiske, ærlege og stiller gode spørsmål, på den andre sida er dei kreative, energiske og leikne. Unge folk står bak mange store internasjonale merkenamn, frå Coca Cola til Facebook. Slike idear blir det ikkje liv i om du er for skeptisk i utgangspunktet.

- Opp gjennom åra har studentar vore mine beste sparringpartnarar, før, under og etter seminar, og i andre samanhengar. Slik oppsto ideen om Ludorådet, fortel mannen som pensjonerte seg som 38-åring, men som no er tilbake på leikeplassen.

Hjelpsam smeltedigel
I løpet av året i år har Ludorådet blitt til, av studentar frå høgskular frå fleire landsdelar, som har deltatt på informasjonsmøter og søkt om plass i rådet.

- Eg ville laga ein smeltedigel av kompetanse, der studentar frå ulike fag er samla for å dela oppgåvene mellom seg, eller løysa dei saman. Medlemmane studerer alt frå design og jus til økonomi og logistikk, og skal bidra til å vurdera gründarar sine idear, eller hjelpa etablerte bedrifter eit steg vidare, seier Vollvik.

Ludorådet skal få 100 medlemmar. Til no har rådet til saman 40 medlemmar frå seks høgskular. Høgskulen i Alta, Molde, Høgskulen i Agder avdeling Grimstad, Markedshøgskolen i Oslo, BI Oslo og NHH i Bergen har alle kvar sin leiar. Frå Molde er det osingen Jan Erik Bøyum som er sjef.

5 av 70
Jan Erik Bøyum studerte økonomi og administrasjon i Sogndal før han i fjor flytta til Molde for å spesialisera seg på logistikk. I mai fekk skulen hans besøk av Ludorådet og Idar Vollvik, og Bøyum bestemte raskt for å søkja om plass.

- Nokre var skeptiske, utan at eg skjønar kvifor, men eg trur det var over 70 frå skulen min som søkte om plass i rådet, seier Jan Erik, som enda som ein av fem frå sin skule i rådet.

I august var det oppstartmøte, og ifølgje Bøyum har styringsgruppa jobba effektivt dei første månadane, med å gje form og farge til Ludorådet.

No ser han fram til lansering av Ludorådet på Markedshøgskolen i Oslo 9. november. Blant dei inviterte gjestane er kunnskapsminister Kristin Halvorsen, hotellbaron Petter Stordalen og dekkmillionær Tommy Sharif.

Jobb blir tema på skulen
Bøyum seier han bruker 15-20 timar i veka på jobben i Ludorådet. Kvar månad møter han resten av styringsgruppa, i Oslo eller i Bergen, kvar veke har dei nettmøte via Skype (IP-telefon med kameraoverføring).

- Eg opplever jobb går veldig fint saman med studier, og at dei to passar godt i lag. Eg får bruk for det eg lærer på skulen i jobben, og stiller eg jobbrelaterte spørsmål på forelesing blir dette gjerne tema som resten av klassen er med og diskuterer, seier Bøyum.

Lønna arbeid
Vollvik møtte tidlegare kritikk for å utnytta studentar ved oppretting av Ludorådet. Men det var før det blei kjent at medlemmane får løn.

- Medlemmane søkjer seg til dette sjølv, og får løn som kva som helst annan deltidsjobb ved sida av studiane. Med 200 kroner i timen og svært relevant erfaring trur eg studentane kjem godt ut av si tid i rådet, seier Ludo-sjefen.

Bøyum fortel at rektoren ved skulen hans er svært begeistra for å ha fem elevar i Ludorådet.

Tener pengar
Det har kosta å etablera Ludorådet, men det er allereie før start i ferd med å bli sjølvfinansiert.

- Vi har fått nokre større samarbeidspartnarar, som Sony Ericsson og kiosk-kjeden Deli de Luca, og blir kontakta av 2-3 selskap i veka som vil bruka rådet.

- Blant gründarar blir vi kontakta av endå fleire. Nokre hjelper vi gratis, nokre mot eigarpost i selskapet deira, fortel Vollvik.

Den gode starten i Noreg gjer at han også er i ferd med å etablera Ludoråd i både Sverige og sitt andre heimland, Spania.

- Eg starta dette for å tena pengar, ikkje berre fordi eg meinte at ideen var god, innrømmer Idar Vollvik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.