– Sjekk båtane og køyr forsiktig
Brannsjefen med åtvaring mot ekstremvêret «Lena»: – Det ligg båtar og slår mot brygga ved Oseana og greiner har byrja å ramla ned i vegen.
Brannsjef Stein Gjøsund tok laurdag ettermiddag ein kontrollrunde for å sjå korleis ekstremvêret «Lena» hadde fart med båthamner og tre tidleg på kvelden.
– Vi byrjar allerie å sjå spor etter vêret. Ved brygga framfor Oseana hadde ei fortøying på ein av båtane slite seg, det var også fleire av båtane som låg og slo mot uriggarane.
– Båteigarane bør koma seg ut og sjekka båtane før vinden tek seg opp, rår Gjøsund.
Ein inspeksjon av hamna i Hatvik viste at båtane der låg tryggare, enn så lenge.
– Vinden har dreia noko, så dei båtane låg ikkje så utsett til, men også der bør eigarane ta ein dobbeltsjekk.
Køyr forsiktig
Gjøsund fortel at sidan trea no har mykje lauv på seg, så fangar dei også vinden betre.
– Det gjer at vi er ekstra merksame på greinar som knekk av og hamnar ut i vegen.
– Allereie no byrjar vi å sjå at det har skjedd.
– Folk som skal ut å køyra må vera aktsame og køyra forsiktig, åtvarar brannsjefen.
Brannvesenet held vanleg beredskap.
– Om noko treng hjelp når dei oss på vakttelefonen eller via 110 om det står om liv og helse.