Kultur | 05. mars 2015

Sjekk den tweeten!

Katy Perry skryter av Aurora frå Os – til over 66 millionar følgjarar!

Sjekk den tweeten!
Aurora Aksnes, her under Osfest i fjor. Tweeten frå Katy Perry til høgre. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 05. mars 2015 06:35

Den amerikanske superstjerna Katy Perry, kjent for låtar som «I kissed a girl» og «Roar», har lagt merke til den komande stjerna Aurora Aksnes frå Os.

«Endeleg. Ny musikk som får hjarta mitt til å flagre. Sjekk ut denne 17 år gamle engelen» skriv Perry til sine 66,2 millionar følgjarar (om Aurora, som blei 18 år i juni i fjor).

Tweeten er retweeta 3500 gongar og favorittmarkert av 6500. Til no.

Ho linkar også til Aurora sin twitterprofil og til hennar nye promovideo av videoen til låta «Runaway» på Youtube.

Aurora sjølv har auka mengda følgjarar på twitter frå 1.732 klokka 1 i natt til 1895 torsdag morgon.

Syng på Bylarm fredag

Ho var tidlegare denne veka på forsida av eit magasin for første gong då ho prydar framsida av siste utgåve av Musikkmagasinet.

Aurora har dei siste vekene spelt konsertar i Berlin og London. Fredag speler ho på Sentrum Scene under Bylarm i Oslo.

Det var på Bylarm i fjor at Aurora, berre eit drygt år etter starten med ei låt på Urørt, fekk terningkast 6 og byrja å bli kjent.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.