Lokal | 19. mai 2016

Sjekk denne reaksjonen!

Den kjente Hitler-scenen har fått ein lokal parodi.

Sjekk denne reaksjonen!
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 19. mai 2016 11:37

Å teksta scenen frå filmen «Downfall», av Adolf Hitler sine siste dagar i bunkersen under andre verskrig, har blitt eit populært fenomen.

Sjå blant anna raserieutbrotet då Hitler fann ut at Lampard gjekk til Chelsea, då Oasis blei splitta og då han sjølv blei bannlyst frå å spela Xbox live.

Han har òg irritert seg over Alexander Rybak sin popularitet.

No har Midtsiden fått nyss i at nokon har kopla filmscenen saman med diskusjonen om kommunesamanslåing i Midthordland.

HER KAN DU SJÅ VIDEOEN

– Dette blei ein herleg lapskaus med fyrrige stikk til det etablerte og offisielle Noreg i lokal drakt, synest innsendar.

– At nokon gjer narr av kommunale utgreiingar og rikssynsarar er heilt topp i eit demokratisk perspektiv i ytringsfridomen si sfære.

Videoen er teksta og publisert av ein som heiter Ove Eriksen. Det er fleire med det namnet i Noreg og vi har førebels ikkje fått kommentar frå mannen bak teksten.

Sjølv skriv han dette under videoen: Folket ser galskapen - når man ikke slipper til i media - og politikerne ikke vil informere om at dette spørsmålet har flere sider - da må man bruke svart humor for å få ut budskapet om at ikke alt er så rosenrødt som folk på toppen liker å fremstille det.

Parodien er i skrivande stund sett 796 gongar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.