Sjekk hausten!
Oseana, 3 dagar til opning: Havfest sel som hakka møkk, samstundes er spennande delar av haustprogrammet offentleggjort.


Dei siste dagane før opning av Oseana blir stadig større delar av haustprogrammet publisert.
Opningsframsyninga fredag er for lengst utselt og Havfest-premieren laurdag er det i skrivande stund berre 24 billettar igjen til.
Berre i pinsen har det blitt selt 255 billettar til dei fire Havfest-framsyningane.
Den 10 dagar lange opningsfesten inneheld fleire framsyningar, frå gratiskonsertar og rock til kammerkonsert og jazz- og bluesfestival.
Men dette er ikkje det einaste du kan kjøpa billettar til - delar av haustprogrammet er lagt ut på oseana.no, som blant anna avslører at Ole Ivars, Marit Voldsæter, Nasjonalballetten og Nordic Tenors er blant dei som blir å sjå i Oseana denne første hausten til det nye kulturhuset i Os.
14. september blir det ballett i Oseana, 15. oktober kjem Ole Ivars, komikaren Marit Voldsæter skal på scenen på Mobergsneset 17. november med showet Drit i å Danse og Nordic Tenors skal laga julestemning i Oseana 11. desember.
Billettsalet til dei fleste arrangementa startar no i juni.